Foto: Kristianne Marøy

Foto: Kristianne Marøy

Soknets framtid i ljos av erfaringar med tidlegare kyrkjelov

Artikkelen er tidlegare publisert i Luthersk Kirketidende 5/2022, s. 136-139. Presteforeininga har ei avtale om krysspublisering av artiklar med Luthersk Kirketidende.

Innleiing

For nokre år sidan gjennomførte forskingsinstitusjonen IRIS (no ein del av NORCE Norwegian Research Centre) eit evalueringsoppdrag for Kulturdepartementet. Målet var å sjå på kyrkjas lokale ordning med utgangspunkt i kyrkjelova av 1996. I evalueringa tok vi utgangspunkt i to bispedøme der vi kartla aktivitetar og erfaringar i 12 sokn. Vi intervjua sentrale aktørar knytt til soknet: frivillig valde i menighetsråd og fellesråd, sokneprestar, daglege leiarar, kyrkjeverjer, prostar og representantar for bispedømekontora (ikkje biskopar). Mykje av det vi fann den gongen vil langt på veg kunne gi eit representativt bilete av dagens situasjon i mange menigheter. Vel å merke om ein ser bort frå koronaskapt unntakstilstand.

Vi kalla rapporten «Samstyring i ubalanse. Evaluering av den lokale kirkens ordning»[1]. Målet med denne artikkelen er todelt:

I forslaget om prostifellesråd for den lokale kyrkja som kom frå det sentrale administrative organet i kyrkja, var det etter vår meining betydeleg risiko for at dei ubalansar vi fann ville forsterke seg ytterlegare. Kritikken som i høyringa kom mot forslaget tyder også på at mange har oppfatta det slik.

Innrettinga av endringar som kom med kyrkjelova av 1996 er ikkje ulik den problemdefinisjon som sentrale kyrkjeaktørar no opplever å stå overfor i val av organisering og styringsmodell. Det handlar om organisatorisk-administrative grep for å styrke forvaltningssida i den lokale kyrkja. Eit hovudmål den gong var å gjere kyrkja sjølvstendig frå kommunen. Det handla om endringar i den lokale kyrkjeordninga med omsyn til autonomi, styring og forvaltning. Soknet vart gjennom lova eit sjølvstendig rettssubjekt lausrive frå kommunen. I forarbeida til lova var tanken å styrke menighetsrådet når det gjaldt styring av verksemda i soknet. Dette snudde i prosessen mot ny lov. Hovudgrepet blei å innføre kyrkeleg fellesråd som eit nytt styringsorgan for kyrkja i kommunen. Kyrkjeverja blei tatt ut av kommuneadministrasjonen og innsett som lovpålagt dagleg leiar med ansvar for forvaltningsoppgåvene og finansiert over kommunal løyving. Tilsett dagleg leiar for menighetsrådet var derimot ei frivillig ordning.

Ifølge kyrkjelova var fellesråd og menighetsråd sidestilte styringsorgan i soknet. Dette er i seg sjølv ein spesiell konstruksjon. Ei rekke forhold har bidratt til at det i sokn kan vere ein ubalanse i dette styrkeforholdet i favør av fellesrådet. Fellesrådet blei i kraft av ressurstyngd og beslutningsmyndigheit det sterkare styringsorganet sett i relasjon til menighetsrådet. Denne ubalansen i samstyringa gjorde seg nok først og fremst gjeldande i mindre sokn og sokn i distrikta. I meir sentrale og større sokn har gjerne menigheten større eigentyngd når det gjeld medlemmer og ressursar, og menighetsrådet får dermed større innverknad på eigen situasjon.

Forholdet mellom fellesråd og menighetsråd

Fellesrådets styringsansvar i det einskilde soknet vart definert ved ei funksjonsdeling med menighetsrådet; fellesrådet med ansvar for forvaltninga og menighetsrådet med ansvar for primæroppgåvene. Etablering av fellesrådet som overordna organ i forvaltningssaker (kyrkjebygg, økonomi og personal) med kyrkjeverja som leiar tilførte kompetanse og skapte ei ryddig og ansvarleg forvaltning for den lokale kyrkja. Fellesrådet har ei sentral rolle når det gjeld samarbeidet med kommunen som lovfesta støttespelar og finansieringskjelde for den lokale kyrkja. Fellesråd og kommune har interesser av ei fungerande lokal kyrkje, men interessene treng ikkje alltid vere samanfallande. Relasjonen mellom fellesråd og kommune er viktig, men kan vere ein skjør relasjon.

Fellesrådet som den sterkare part

Menighetsrådet som den svakare part

I evalueringa sine funn vedrørande menighetsrådet som styringsorgan, finn vi at eit menighetsråd kan ha varierande sjølvstende og handlingsrom. I nokre sokn, gjerne sentrale sokn i byar, blir det fortald om mykje aktivitet, betydeleg ressurstilgang og involvering av menigheten på ei rekke område. I andre sokn, gjerne mindre og i distrikta, opplevast det krevjande å gjere meir enn dei strengt lovfesta oppgåvene, som gudstenester, kyrkjelege handlingar og ivaretaking av kyrkjebygg. Ei rekke forhold kan føre til at menighetsråd i varierande grad kan fylgje opp måla for primærverksemda:

Drøfting

Bak nyordninga i 1996 med etablering av fellesrådet med kyrkjeverja som dagleg leiar, var det eit ønske om å fremje ei effektiv forvaltning gjennom styring og fordeling av ressursar innan fellesrådet sitt område. Ved å samle leiing og profesjonalisert kompetanse rundt forvaltningsoppgåver rekna ein med å fremje god styring. Dilemmaet er at dette kan bli ei «utanfrå og ovanfrå» styring som svekker menighetsrådet i å utøve sitt ansvar for primæraktiviteten i soknet slik det var formulert i kyrkelova ( § 9..) og som det framleis er formulert i kyrkjeordninga om «å gjere alt som skal til for å vekke og nære det kristelege liv i soknet».

Gjennom store fellesråd eller i framtida evt. andre forvaltningsstrukturar som er overordna soknenivå, kan ubalansen når gjeld fordeling av ansvar og myndighet bli forsterka dess større forvaltningsområdet blir i omfang, geografi og tal på sokn. Store og sokneovergripande styringsstrukturar vil gjerne prioritere stordrift, kompetansespesialisering og byråkratiske omsyn med vekt på profesjonalisering. Dei vil tendere å lage standardiserte prosedyrer, regler og rutinar for organisering, samhandling og gjennomføring av aktivitet i menigheten. Menighetsråd i mindre sokn og sokn utanfor mellomstore og større byar, vil lett kunne falle inn i rolla som utanfrå styrte «juniorpartnerar».  

Med dette bakteppet kan det vere nyttig å reflektere over kva slag organisasjon soknet er. Eit perspektiv som vart skildra av ein klassisk sosiolog for meir enn hundre år sidan, kan hjelpe oss i dette. Sosiologen Tønnies skil mellom to idealtypar av fellesskap: Gesellschaft og gemeinschaft. Mange av dei organisasjonsformer som er typiske for vårt moderne samfunn, kan beskrivast ved gesellschaft. Dei har som kjenneteikn å være  forretningsprega, målretta, avtalebaserte og gjerne prega av lause og upersonlege band. Rasjonaliteten som ligg til grunn for fellesrådet (eller andre overordna forvaltningsstrukturar), vil i stor grad kunna karakteriserast ut frå denne idealtypen. Gemeinschaft er derimot idealtypen som pregar det tradisjonelle samfunn med vekt på det stadeigne med nære og kjenslemessige band. Eit teologisk omgrep med eit visst slektskap til gemeinschaft er koinonia. Dette bibelsk forankra omgrepet vedrører ikkje bare åndelege og sosiale sider ved menighetsfellesskapet, men og praktiske-diakonale sider. Utan innslag av faktorar, kjenneteikna ved gemeinschaft,  og som ivaretek den tradisjonelle tilhørighet mellom menneske og som fremjar den sosiale integrasjonen mellom medlemmane, vil eit samfunn ikkje kunne utviklast og overleve.

Med denne typologien som utgangspunkt, trur vi at eit menighetsråd lettare kan identifisere sitt arbeid med «gemeinschaft» og med dei trekk som pregar denne typen av fellesskap. Utvikling av arbeidet og fellesskapet i menigheten vil kunne arte seg svært forskjellig alt etter om det er gesellschaft eller gemeinshaft som dominerer.

Basert på ein «gesellschaftslogikk», der fellesrådet direkte eller indirekte styrer det meste som skjer i eit mindre/perifert sokn, risikerer ein at lokalmenigheten i hovudsak opptrer som mottakar av kyrkjelege tenester, som gudstenester, dåp, opplæring, gravferd og andre kyrkjelege handlingar. Menigheten kan forståast som eit brukarfellesskap, eller ein brukar-organisasjon der medlemmene mottek veldefinerte tenester frå ein tilbyderorganisasjon med sin spesielle forvaltningsstruktur, profesjonsbaserte tenesteyting og veldefinerte arbeidsorganisering. Ei slik organisering og forvaltning har klare likskapstrekk til offentlege velferdstenester som til dømes helsetenester.

Basert på ein «gemeinschaftslogikk» får det lokale menighetsrådet ei heilt anna og sentral rolle når det gjeld tilrettelegging for dei primære målsettingane og aktivitetane som; utvelging av, styring og oppfylgjing av tilsette og å løysa oppgåver i menighetens primærverksemd. Menigheten blir noko meir enn eit fellesskap av brukarar/mottakarar. Den blir ein deltakar-organisasjon, eit deltakarfellesskap. I dette perspektivet legg ein vekt på at det er medlemmane, saman med dei tilsette som skaper menighetslivet. Denne tenkemåten vil stille annleis forventningar til dei tilsette, til arbeidsorganiseringa og til aktiviteten. Deltakarane kan ikkje bare sjåast som mottakarar og tilskodarar. Dei bli del i ein organisk samanhang der den einskilde gjennom si deltaking gir eit bidrag til fellesskapet med meirverdi ut over det som den einskilde mottek. Her vil kvalitetar ved det nære fellesskapet stå sentralt for å dyrke fram menighetsfellesskapet.

Både ut frå sosiologiske og ekklesiologiske grunnar vil vi derfor hevde at menighetsfellesskapet som menighetsrådet etter kyrkelova har ansvar for, best kan forståast som gemeinschaft. Då vil faktorar som sosiale band, relasjonsbygging, ansvar, nærleik, omsorg, ferdigheiter, nådegåver, lokal leiing og påverknad over eigen situasjon vere nødvendig for at eit sokn skal vere livskraftig og vekse.

Konklusjon

Hovudspørsmålet vi har drøfta er korleis menighetsrådet kan få eit reelt handlingsrom for å leie og ivareta dei oppgåvene som rådet framleis har i kyrkjeordninga; «å ha si merksemd retta mot alt som kan gjerast for å vekke og nære det kristelige livet i soknet». Utviklinga som har skjedd etter kyrkjelova av 1996 har ført til ein ubalanse i «samstyringa» mellom menighetsråd og fellesråd. Utviklingstrekk i samfunnets forvaltningsstruktur med sentralisering, effektivisering og byråkrati med meir lause og upersonlege band (gesellschaft) kan forsterke denne ubalansen. Eit mottrekk mot ei slik utvikling kan vere å sjå etter organisatoriske grep for lokalkyrkja som gir menighetsrådet høgare grad av sjølvråderett, økonomi og tilsetteressursar, slik at det ut frå lokale føresetnader kan tilrettelegge for menigheten som gemeinschaft.


[1] https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/Samstyring-i-ubalanse-Evaluering-av-den-lokale-kirkens-ordning/id757635/

Relaterte artikler

Ny kirkelig organisering – Presteforeningens høringsuttalelse

Vårt hovedanliggende er at vi ønsker en nasjonalt forankret arbeidsgiverorganisering. Presteforeningens støtte til prostifellesråd etter arbeidsgivermodell 2, der alle er ansatt i rDnk, forutsetter at mer av arbeidsgivermyndigheten blir liggende på bispedømmenivå.

More-button

Ny kirkelig organisering, innlegg 03.12.21

Presteforeningens leder Martin Enstad argumenterer i dette innlegget for en gjennomgående, nasjonal arbeidsgiverlinje i Den norske kirke, Han diskuterer hvorvidt Kirkeloven åpner for en slik struktur, arbeidsgiveri, biskopens rolle, og ledelse.

More-button

Ønsker nasjonal arbeidsgiver for alle

- For de ansatte vil det være positivt om vi får samlet arbeidsgiverfunksjonene slik at det kan etableres felles mål og felles ledelse, sier PFs leder Martin Enstad om prostifellesrådsmodellen som nå er utredet. Les mer her om de vurderingene han gir av de løsningene han har gått inn for.

More-button

En sammenhengende kirke

For Presteforeningen er det avgjørende at ny kirkelig organisering gir oss én arbeidsgiverlinje, sikrer en kirkefaglig ledelse, og styrker biskopens rolle som arbeidsgiver. -- Bildet: Vestfronten på Nidarosdomen og tårnet på Oscar IIs kapell. Samme kirke, helt ulike steder. (C) Jon Aalborg, PF.

More-button

Bokomtale: Kirkelig organisering og ledelse

Stephen Sirris og Harald Askeland (red.): Kirkelig organisering og ledelse. Et verdibasert og praksisorientert perspektiv, NOASP, Cappelen Damm Akademisk, 2021. Av Leif Endre Grutle.

More-button

Bokomtale: «Folkekirke, brugerkirke, kirke i mission»

Det jeg liker aller best med denne boka er at den byr på en flom av ekklesiologiske innspill, fra det helt praktiske til det nesten høytflyvende teologiske, og med alle mellomnivåene representert. Den setter stadig tankene i sving og sender dem hjemover.

More-button

Bokmelding: «Ledelse og organisering i kristne virksomheter»

Boka «Ledelse og organisering i kristne virksomheter» har som mål å bidra med refleksjonar, erfaringar og faglege perspektiv på organisering og leiing i kyrkjeleg kontekst. Fleire bidragsytarar har skrive kvar sine kapittel, og gitt innspel ut fra ganske ulike innfallsvinklar. Utgjeven av KA.

More-button