Bokmelding: «Ledelse og organisering i kristne virksomheter»

Redaktørar: Jens A. Bjelland, Øystein Dahle og Harald Askeland

Utgjeven av: KA (Arbeidsgiverorganisasjon for kirkelige virksomheter)

128 sider; opplag 350

Boka «Ledelse og organisering i kristne virksomheter» har som mål å bidra med refleksjonar, erfaringar og faglege perspektiv på organisering og leiing i kyrkjeleg kontekst. Fleire bidragsytarar har skrive kvar sine kapittel, og gitt innspel ut fra ganske ulike innfallsvinklar. Boka framstår som ein antologi eller artikkelsamling. Boka er gitt ut av KA, og fleire av bidragsytarane er tilsett der.

Å gje ut ei bok i 2021 om leiing og organisering i kyrkjefeltet, gjer at den uvilkårleg vil bli sett i samanhang med høyringa om kyrkjeleg organisering som pågår i desse dagar. Difor vil også denne bokmeldinga ha eit slikt utgangspunkt. Like fullt er perspektivet i dei fleste tekstane meir opent, og bidraga treng ikkje lesast som konkrete kyrkjepolitiske innspel.

Generelt ber tekstane preg av fagleg overskot, ved at bidragsytarane sit inne med mykje kompetanse. Dette kjem fram i første bidrag av Hallgeir Elstad (professor i kyrkjehistorie). Her blir utviklinga av kyrkjeorganiseringa frå midten av 1800-talet og fram til no beskrive. Han viser at kyrkjeleg organisering har vore omstridd lenge. Kapittelet etterlet eit inntrykk av at dagens kyrkjemodell ber preg av at «effektiv drift» av kyrkja har vore eit underordna perspektiv. Måten kyrkja er organisert på er meir eit resultat av balansering av ulike interesser i det politiske og kyrkjelege landskapet.

Harald Askeland (fagdirektør i KA) har skrive eller medvirka i fleire av kapitela i boka. I kapittelet «Hva er ledelse» gjer han greie for nokre hovudtrekk frå leiingsfaget, og koplar dette til kyrkjelege verksemder. Kapittelet er kompakt, men gjer eit kjapt oversyn over sentrale aspekt i feltet. Han har også skrive kapittelet «Tjenesten med å lede» saman med Harald Hegstad (professor i systematisk teologi). Ein er her oppteken av at leiingsansvar må knytast til organisatoriske mandat.  Ein belyser kyrkjelege leiaroppdrag både frå ein teologisk og leiingsfagleg synsvinkel. Blant anna vert det peika på at prestetenesta har stått støtt forankra i kyrkjeleg tradisjon. Andre stillingskategoriar har hatt ei noko meir vekslande teologisk forankring. Særleg kyrkjeverjer og administrative stillingskategoriar har hatt meir organisasjonsfaglege begrunningar for sin eksistens. Men det har vore ei utvikling i dette, særleg etter at Bispemøtet gjekk bort frå tanken om «tenestedifferensiering» (tanken om at fleire grupper har del av ulike aspekt ved den eine tenesta med ord og sakrament) i 2010. (Bispemøtet 03.10) Her tok ein til orde for å sjå på fellesskapet av tenester som nødvendige for kyrkja. Bidragsytarane peikar blant anna på at Paulus i 1. Kor. 12 nemner nådegåva med «å leie», ved sida av nådegåva om å vere apostel og lærar. Det er dermed eit kunstig skilje mellom andeleg og ikkje andeleg leiaransvar i kyrkja (s. 56). Dette kapittelet er kanskje det mest politiske, og mest interessante – i lys av denne hausten sin kontekst.

Det er ikkje rom for å gå inn i alle bidraga i denne bokmeldinga. Likefullt vil eg også trekke fram kapittelet «Språk som byggestein i organisasjoner». Marit Halvorsen Hougnæs (adm. dir. KA) gjer eit raskt resyme av språkfilosofiske retningar det siste hundreåret, og får fram kva definisjonsmakt det ligg i språket. Ho peikar også på at ein organisasjon kan forståast som eit nettverk av kommunikajson mellom individ. Det er altså ein leiar si ei hovudoppgåve å kunne gje språkleg uttrykk for dei verdiar og målsettingar som skal gjennomsyre organsisasjonen på alle nivå.

Kapittelet «Forholdet mellom demokratisk valgt og tilsatt ledelse i kirkelige og ideelle organisasjoner» er skrive av Harald Askeland og Øystein Dahle (direktør i avd. for sektorpolitikk og styring KA). Ein gjer her greie for ulike demokratiforståingar i samfunnet og organisasjonar. Det er skilnad på eit politisk demokrati, organisasjonsdemokrati og eit bedriftsdemokrati. Den norske kyrkja er ikkje så lett å plassere inn i desse modellane. I det heile etterlet fleire av kapitela eit inntrykk av at kyrkja er vanskeleg å plassere i norsk politisk og organisatorisk landskap. Kyrkja har lenge vorte sett på som ein heilt integrert del av norsk statsforvaltning, men er no er i ferd med å bli uavhengig og må finne sin plass på linje med andre organisasjonar. Med ein slik kyrkjeleg arv, kunne boka vorte enno meir interessant ved nettopp å skjele til delar av norsk offentleg forvalting, og sett korleis leiingsoppdrag er blitt løyst der. Både i politisektoren, Forsvaret, skuleverket og helsevesenet er det sterke og høgkompetente profesjonsgrupper. Å leie slike grupper krever teft. Har kyrkja noko å trekke vekslar på her?

Jens Bjelland (seniorrådgjevar KA) har forfatta tre kapittel i boka, der to av dei handlar om Den norske kyrkja sin relasjon til organisasjonane.  Vidare har Linn Maria Kierulf (seniorrådgiver KA) skrive om konflikter i kristne verksemder.  Øystein Dahle også skrive eit kapittel om ulike kyrkjer og organisasjonar sine styringsstrukturar i lys av ekklesiologiske omgrep.

Dette er ei bok som gjer ulike interessante perspektiv om leiing og organisering i kyrkja og kristne organisasjonar. Den er verd å lese. Avslutningsvis må eg nemne at boka er trykt i litt for lita skrift. Det gjer den unødvendig tunglest. Boka kan gje eit noko sprikande preg for den som les den perm til perm, likevel heng tematikken saman. Kvart av kapitela kan lesast uavhengig av kvarandre, og det er litt overlapp mellom nokre av bidraga. Det er likevel ikkje sjenerande. På spørsmålet om boka er eit «must» å lese før høyringsfrist på kyrkjeleg organisering – så er svaret mitt nei. Dette er ei bok for dei lengre linjer.