Bokomtale: Kirkelig organisering og ledelse

Stephen Sirris og Harald Askeland (red.): Kirkelig organisering og ledelse. Et verdibasert og praksisorientert perspektiv, NOASP, Cappelen Damm Akademisk, 2021.

Sosiolog Harald Askeland (f. 1963) og teolog Stephen Sirris (f. 1977) er begge sentrale innan forsking på kyrkjeleg organisering og leiing. Dei er begge tilsette ved VID vitskapelege høgskule, og har frå denne posisjonen hatt påverknad på fagfeltet gjennom fleire år. Når dei to i fellesskap har redigert boka Kirkelig organisering og ledelse, av forlaget omtala som ein «forskingsantologi» som vil «gi ny forståelse av organisering og ledelse i en kirke i endring», er det ikkje til å unngå at forventningsbogen blir spent svært høgt.

Innhald og struktur

Samlinga er oversikteleg disponert. Etter ein innleiingsartikkel er dei påfølgjande ti kapitla i boka delt inn i høvesvis ein bolk om kyrkjeleg organisering, og ein om kyrkjeleg leiing. Dei to redaktørane har sjølv skrive dei fleste kapitla, Frank Grimstad har skrive to og levert bidrag til to andre, og dessutan er to masterstudentar i verdibasert leiing ved VID krediterte som medforfattarar i eit kapittel der forskingsresultata deira blir nytta. I røynda er imidlertid alle kapitla sjølvstendige artiklar, og det kan til tider vere vanskeleg å sjå ein innbyrdes progresjon mellom dei. Det gode med dette er at det er godt mogeleg å få utbytte av innhaldet sjølv om ein berre har interesse av å lese ein eller nokre få artiklar isolert, men på den andre sida skaper dette den ulempa at ein del av stoffet blir repetert fleire gonger, noko som er godt merkbart dersom ein les boka frå start til slutt.

Deskriptivt og normativt

Artikkelsamlinga har undertittelen Et verdibasert og praksisorientert perspektiv, og redaktørane nyttar noko av innleiinga til teoretiske refleksjonar kring desse omgrepa. Dei set som normativt utgangspunkt at organiseringa av kyrkja må forankrast i kyrkja sitt oppdrag og identitet, og sjølv om dei har ein uttrykt intensjon om å primært vere gjennomgåande deskriptive, gjer dei merksam på at kyrkja sin eigenart vil føre til at eit verdibasert perspektiv vil vere til stades gjennom dei ulike delane av boka. Vidare er det andre perspektivet, det praksisorienterte, tilsvarande knytt til idealet om å heller ha ei deskriptiv tilnærming, enn å vere normativ. Samanhengane ein står i, mandat og forankring, samt aukande profesjonalisering og behov for samhandling i kyrkja, er stikkord som blir trekt fram som viktige for det praksisorienterte perspektivet. Denne ambisjonen om å la framstillinga få eit verdibasert perspektiv lukkast i stor grad, men gjennom valet forfattarane gjer av teoriar, modellar og anna innleiingstoff i dei ulike artiklane, kan lesaren likevel oppleve å bli styrt mot noko normerande, trass i den uttrykte viljen frå redaktørane om å berre halde seg til eit deskriptivt praksisorientert perspektiv.

Kyrkjeleg organisering – utvikling og endring

Redaktørane syner, naturleg nok, til det pågåande arbeidet med kyrkjeleg organisering. Dei gjev tidleg uttrykk for ei forventning om at det vil skje endringar i styringsnivåa i kyrkja, at det vil bli oppretta eit arbeidsgjevarorgan som samordnar dei to arbeidsgjevarlinjene, og at det også vil bli tydelegare einskapleg leiing av lokalkyrkja. Dermed er det nærliggande å frykte at boka ville bli eit partsinnlegg i den pågåande indrekyrkjelege organiseringsdebatten, men bortsett frå deler av kapitelet om Demokrati i kirke og menighet, klarer dei fleste artiklane å unngå slagside i retning av ein særskilt mogeleg framtidig organisasjonsmodell. Samstundes blir det synt til at utvikling og endringar som allereie har funne stad, både i det kringliggande norske samfunnet, men også i kyrkja sjølv, bør motivere til fagleg forankra refleksjon om organisering og leiing. Boka tek mål av seg å oppfylle dette behovet, og lukkast langt på veg med dette. Her kan særskilt siste del av artikkelen Utviklingstrekk i organisering og ledelse av Den norske kirke trekkjast fram som framifrå, men gode analyser finn ein også i andre av artiklane i boka.

Kva for empiri?

Det blir i artikkelsamlinga peikt på at det er gjort relativt få empiriske undersøkingar om leiing og organisering i Den norske kyrkja. Det er derfor forståeleg at forfattarane gjennomgåande gjer seg nytte av det som finst av slikt grunnlagsmateriale. Dette er imidlertid samla inn over ein periode som femner fleire tiår, og det blir då eit sakn at det i artiklane ikkje blir reflektert over om endringar som har skjedd i kyrkja og i samfunnet i åra etter at ei undersøking vart avslutta, kan ha innverknad på aktualiteten av gamle forskingsresultat. Til dømes har den kyrkjelege organiseringa, vilkåra for tilsette og rommet for leiing, på mange måtar endra seg så mykje dei siste 10-15 åra at undersøkingar frå 1990-talet, og jamvel byrjinga på 2000-talet ikkje utan vidare kan gjevast same vekt som då dei vart publiserte fyrste gongen. Nokre av funna vil sjølvsagt framleis vere gyldige og ha stor verdi framleis, men analysane i boka ville nok ha tent på om forfattarane hadde synt at dette var ein problemstilling dei var merksame på. Utfordringa blir kanskje spesielt synleg i det elles gode og interessante kapitelet Personalkonflikter i kirkens arbeidsmiljø som en ledelsesutfordring.

Sjanger og målgruppe

Boka rettar seg mot studentar i utdanning mot kyrkjeleg teneste, og er dermed ein forskingsbasert og akademisk publikasjon. Samstundes vil ho også vende seg mot kyrkjelege tilsette, leiarar og rådsmedlemmer, og med tanke på eit slikt samansett publikum kan det innvendast at mange av artiklane er relativt teoritunge før framstillinga når fram til dei praktiske analysane. Sjangeren og formatet gjer kanskje at det måtte bli slik, men likevel vil ein på grunn av dette kunne risikere å miste nokre av dei lesargruppene som boka er rette mot. Samstundes vil truleg toppsjiktet i kyrkja, dei som skal leie leiarane som er tilsett lokalt, finne mykje nyttig i denne forskingsantologien. Tilsvarande vil dei som skal utdanne nye kyrkjeleiarar, og ikkje minst dei som har makt til å lage gode organisatoriske rammer kring dei kyrkjelege leiarane i framtida, kunne hente mykje å bygge vidare på i artiklane som er samla i boka.

Det er imidlertid vanskeleg å sjå at ein utan vidare blir ein betre kyrkjeleg leiar berre av å lese Kirkelig organisering og leiing, men vonleg vil ein sitje att med nokre impulsar som kan styre ei utvikling i fruktbar retning.