Endeleg ei salmebok til det sørsamiske folk

Midtsommarhelga var det som vanleg samling i Ankarede, midt i det sørsamiske området, søraust for Børgefjell ved Blåsjön på svensk side av grensa. Kanskje fjernt og ukjent for mange i Noreg, men til dels svært sentralt for den sørsamiske befolkninga. Og kanskje er det slik med det sørsamiske språket òg – fjernt og ukjent for mange, men svært så sentralt for den sørsamiske befolkninga.

I år var lanseringa av Saalmegærja, sørsamisk salmebok, det sentrale punktet i kyrkjehelga. Biskopa Eva Byström i Härnösand stift og biskop emeritus Tor Singsaas frå Nidaros bispedømme deltok saman med leiarane i Samiska rådet i Svenska kyrkan og Samisk kirkeråd. Dette var ei viktig hending, og boka er eit viktig steg for samisk kyrkjeliv.

Som sørsameprest har eg, i lag med kyrkjelyden, måtta halda meg til uoffisielle sjølvproduserte hefter og lause kopiar når vi feira samiske gudstenester. Dei 15 sørsamiske salmane i Norsk salmebok 2013 (N13) er gode og fine, men det er litt magert i lengda for ei kyrkje.

I samarbeid med Svenska kyrkan har vi fått samla saman det vi kjenner til av sørsamiske salmar, originaltekstar og omsetjingar, og har då eit omfang på 75 salmar der ei handfull av dei er på umesamisk. Dei fleste salmane finn ein att i norske/svenske salmebøker, men det er òg ei handfull originalsalmar på samisk som ikkje tidlegare er publisert. Dei har òg fått norsk tekst i Saalmegærja.

I tillegg til salmane har boka ei samling med minneord som i N13 og lista med tekstrekkjene for Den norske kyrkja og Svenska kyrkan. Dei samiske gudstenesteliturgiane for kyrkjene er òg sett inn i boka slik at det skal vera tilstrekkeleg for kyrkjelyden å ha denne eine boka til bruk i samiske gudstenester. Det er òg teke med Herrens bøn, Truvedkjenninga og Velsigninga på umesamisk.

Eit fullverdig sørsamisk kyrkjeliv inkluderar sjølvsagt ei sørsamisk salmebok. No har vi kome eit steg vidare der. Og kanskje passar det med eit 125 år gamalt tilbakeblikk frå det året samiske språk gjennom kyrkjestatsråd Wexelsen vart ytterlegare pressa ut av skulen. I eit reisebrev publisert i Kinamisjonen sitt blad Kineseren nr. 3 skreiv same og kinamisjonær Edvard Masoni i 1898: «Herre, velsign du også mitt lille Folk og hjelp det til at bruge sitt klangfulle Sprog til din Æres Pris.» Kanskje kan vi våga å tru at vi gjennom utgjevinga av Saalmegærja har fått vore med på at dette kan skje.

Saalmegærja kan kjøpast via Svenska kyrkan Webbshop. Sydsamisk psalmbok. Vi arbeidar med å få til salg i Norge.

Relaterte artikler

Sannhet og forsoning

- Historien og fortellingene som legges fram av kommisjonen gjør sterkt inntrykk. Nå må vi ta inn over oss den kunnskapen som foreligger med Sannhets- og forsoningskommisjonens rapport, og se på hvilken rolle Presteforeningen kan spille som bidragsyter til forsoning, sier leder Martin Enstad.

More-button

På kvensk gudstjeneste i Oslo

Kvensk gudstjeneste holdes en gang i året i Oslo i forbindelse med Kvenfolkets dag 16. mars. Oslo bispedømmeråd har ansvaret. Presten og tolken hentes fra Porsanger, og Kven Østlandet er medarrangør og ansvarlig for kirkekaffen. I år ble dagen tatt litt på forskudd.

More-button

Samefolkets dag 6. februar 2023 – ressurser

Samenes nasjonaldag faller i år på en mandag. Vi oppfordrer til å markere dette enten med en gudstjeneste på selve dagen, eller i gudstjenesten søndag 5. februar. Samisk kirkeråd har utviklet et ressursmateriale for samenes nasjonaldag i 2023.

More-button