Studietur Irland og Nord-Irland juni 2022

Audun Systad, sokneprest i Sunnfjord prosti og nå AFP-pensjonist, mottok midler fra Frie internasjonale stipend til å utforske sammenhenger mellom steinkorsene på Vestlandet og kristen påvirkning fra blant annet Irland. Nedenfor følger hans rapport fra dette prosjektet.

Takk til PF for tildeling av internasjonalt stipend.

I mars 2020, nett då nedstenginga kom, hadde eg billettar og reiseprogram klart, for å dra over til Irland. Me veit kva som skjedde. Alt vart sett på vent. Heldigvis kom det nye sjansar dette året, og då med Fotefar Temareise, lokalisert her i Sogn.

Kystpilegrimsleia
Etter kvart har vel Kystpilegrimsleia med dei 26 nøkkelstadane frå Egersund til Trondheim blitt meir kjente, særleg etter opninga på Selja i 2018. Kvernsteinsparken i Hyllestad i Ytre Sogn er nøkkelstad nr.12. Dette avdi her vart dei fleste av steinkrossane som står ved norskekysten hogne. (Dei fem største er den på Kvitsøy i Rogaland, Gard ved Haugesund, 2 i Eivindvik i Sogn; Gulatinget og ein ved Korssund i Fjaler).
Harald Olsen som har skrive mykje om «Arven frå vest» sa på Pilegrimskonferansen i Selje i 2010: «Det tydeligste tegnet på vår plass i det tidlige nord-atlantiske kulturfellesskapet, er vel steinkorsene på Vestlandet».

Arven frå vest
På den veke lange reisa eg fekk i juni saman med 46 andre deltakarar, fekk me ulike glimt og innsyn i arven frå vest. Samstundes var dette ei allmenn reise, som hadde stor spennvidde, frå besøk på Titanic-museet i Belfast og tur til naturfenomenet Giant Causeway på nordkysten, til Riverdance-framsyning og innsyn i konflikten mellom protestantar og katolikkar i Derry (Londonderry) og Belfast.

Tre gode minne:
For å avgrense inntrykka mine frå turen i denne samanhengen, vil eg nemne tre gode minne å ha med vidare:

  1. Muiredachkorset. Me fekk sjå den som er rekna for det aller vakraste i landet: Muiredachkorset. Det er ikkje den eldste, men truleg frå 9.århundre, og er laga av sandstein. Den er 5,8m høg! Det spesielle ved dei irske høgkrossane er at dei er så rikt utsmykka, med bibelske motiv både frå Det gamle og Det nye testamentet. Klosterområde det står i heiter Monasterboice, alt frå 400-talet, og me vandra i dei historiske ruinane av tidleg kristen busetjing , nord for Drogheda, på veg mot Belfast.
  2. Book of Kells på Trinity College i Dublin er viktig å få med. Det speglar «gullalderen» i Irland med kopiering av verdfull litteratur, handverkskultur, evangeliebok på kalveskinn. Me snakkar om 600- 800- talet; vakre bibelmanuskript: » Så vakkert at det må ha vore gjort av englar», vart det sagt. Dette var ein stad med mykje folk, ikkje minst unge. «Turning darkness into light» var dei tankevekkande orda me kunne lese før me gjekk inn i den 65 meter lange salen med boksamlingar. Det imponerer; noko av det største i verda.
  3. St. Columbas Church og St. Columbas Heritage Centre. I småbyen Derry; der me fekk innføring i religionskonflikten «The Troubles» like til vår tid, var der mykje å sjå. Noko som ikkje var innlagt i turprogrammet vårt, men som eg fann fram til på eiga hand, var St. Columbas Church og St. Columbas Heritage Centre. Om eg gjekk i kø på «Book of Kells» , der tusenvis dagleg fann vegen, var eg der nord ei tid heilt åleine!! Skuleklassar finn vegen dit, for å lære meir om han som har gjeve skulen namn. På brosjyra til Heritage Centre står det: «The Hidden Gem» – den skjulte perla. Det stemmer godt! Her vart det fortalt om vegen frå Derry til Iona, på den skotske vestkysten. Dit flytta St. Columba, faktisk etter ei usemje (Helgenar kan og vere usamde!). Der grunnla han i 563 eit kloster som skulle bli ei av dei viktigaste lærdomsstadane og senter for spreiing av kristen tru og keltisk spiritualitet i heile det nordlege Atlanterhav-området. Det har blitt ein stad der mange har reist på pilegrimstur og funne ro og stille, og er framleis aktuell. Neste gong må turen gå dit, tenkjer eg.

«Turning darkness into light»
I alle høve: Takk til PF og Bjørgvin bispedømeråd som gav meg studiemidlar til denne reisa. Nett no er eg blitt AFP-pensjonist, og ynskjer å arbeide vidare med arven frå steinkrossane på Vestlandet og vår tidlege kristne historie. Kystpilegrimsleia ligg der med opplevingar «som perler på ei snor» og formidlar vår rike arv. Her er mykje å ta med vidare inn i vår tid. Kanskje me kan bruke formuleringa frå «Book of Kells» : «Turning darkness into light»!

Frie internasjonale stipend