Norsk samlebok 2013 (Foto PF)

Norsk samlebok 2013 (Foto PF)

«Og Ordet blev sang»

Eli Johanne Rønnekleiv fekk støtte frå Presteforeningen for å delta på Leitourgia, Nordisk liturgisk netværk sin konferanse i Haslev, Danmark, 31.oktober- 3.november 2023, og her delar ho nokre inntrykk frå konferansen.

Eg takkar for konferansestipendet frå PF som gjorde det mulig for meg å delta på den årlege nordiske konferansen Leitourgia. Dette var første gongen eg var deltakar på denne konferansen, difor visste eg ikkje heilt kva eg gjekk til.

Teologiske impulsar

Temaet «Og Ordet blev sang» var særs interessant for meg sidan eg både er kantor og prest. Så eg var forventningsfull i møte med konferansen, og det er fint å melde at eg fekk nokre teologiske impulsar som var verdt å ta med seg. John Bell som hovudførelesar var både interessant og provoserande – særleg kantoren i meg let seg provosere av nokre av hans uttalelsar.

Det mest interessante var hans bruk av Bibel i møte med konkret kontekst (Glasgow, Iona) både tilbakeskuande og som statusrapport/profetisk på dagens situasjon i Europa og verda.

Seminar: Liturgisk og kirkemusikalsk dannelse og utdannelse

Å velge seminargruppe var ikkje lett; fleire var interessante. Eg kunne valt både «Liturgisk teologi» og «Riter og liturgi», men dette året valde eg «Liturgisk og kirkemusikalsk dannelse og utdannelse». I seminargruppa møttest deltakarar frå alle nordiske landa, og vi fekk innblikk i ulike prosessar og forsking frå ulike lands bidragsytarar som utløyste gode drøftingar.

Skuffande kirkemusikalsk

Kirkemusikalsk var konferansen dessverre skuffande i forhold til forventningane eg hadde med omsyn til årets tema.

Mange nye salmar vart presentert, men dei var stort sett vise- og/eller pop-prega. Eg sjekka difor med danske kyrkjemusikarar om det vi fekk representert, er typisk for dansk kirkeliv, og det var det ikkje, så eg opplevde ikkje å få noko innblikk i kirkemusikkens status i Danmark.

Ulike tidebøner

Dei ulike landa hadde ansvar for kvar sine tidebøner. Ingen malar var i bruk, så plukk og miks gav varierande opplevingar.

Det er uansett givande å lytte til bibeltekstar og prøve å synge på dei ulike språka. Engelsk er litt kjipt å måtte bruke som fellesspråk, men berre slik kunne dei finske og til dels islandske kjenne seg fullt inkludert.

Neste år i Trondheim

Norge og Trondheim er vertskap for konferansen i 2024, og eg vil gjerne vere med der også. Det var dyrt å vere i Danmark, så utan konferansestipendet hadde denne studieveka ikkje vore mulig. Håpar difor at det er mulig å søke PF-stipend fleire gonger – stor takk!

Relaterte artikler

Konferanserapport fra Nordisk Homiletisk Netværk

Tore Skjæveland fekk støtte frå Presteforeningen for å delta på Nordisk Homiletisk Netværk sitt fellesnordiske nettverksmøte i Aarhus i Danmark 19.-20. juni 2023, og han har skrive rapport frå samlinga.

More-button