Illustrasjonsfoto

Illustrasjonsfoto

Konferanserapport fra Nordisk Homiletisk Netværk

Tore Skjæveland fekk støtte frå Presteforeningen for å delta på Nordisk Homiletisk Netværk sitt fellesnordiske nettverksmøte i Aarhus i Danmark 19.-20. juni 2023. Her fylgjer rapporten hans frå nettverkssamlinga.

«Skandinavisk skabelsesteologis betydning for prædikenen i dag»

Tema for møtet var «Skandinavisk skabelsesteologis betydning for prædikenen i dag» og utgangspunktet var dei store skandinaviske teologane K.E. Løgstrup og Regin Prenter frå Danmark og Gustaf Wingren frå Sverige.

Felles for desse teologiske professorane var at dei alle starta som prestar og hadde erfaring med å kvar veke få preiketeksten til å vera relevant for menneske med «modernitetserfaring». Dei var sterkt engasjerte i den homiletiske debatten på 1940-talet og diskuterte og skreiv mot kvarandre. Det skapelsesteologiske prosjekt var at dei arbeidde med tanken om at den spesifikt kristne forkynning kan knytast til dei allmenmenneskelege, universelle livsvilkår. Dei hadde felles utgangspunkt i Luthers teologi, og Grundtvigs utsagn “menneske først, kristen så” prega både den teologiske tenkinga og det homiletiske prosjektet. Skapingstanken var den stad, der det moderne medvit og livstolking og den spesifikt kristne forkynning kunne møtast. Det vart aldri eit einskapleg prosjekt, for til det tenkte Løgstrup, Wingren og Prenter alt for ulikt.

Når ein i dag ser tilbake på deira prosjekt er kritikken at ein no i større grad ser at dei menneskelege erfaringar er mangfaldige og forskjellige. En postliberal teologi, som har gjeve opp tanken på teologiens universalitetskrav og som forstår kyrkja som berre eit fortolkningsfellesskap blant andre, har andre perspektiv på preika.

Det var mange interessante foredrag og eg vil her dra fram inntrykk frå tre av dei:

«Skandinavisk skabelsesteologi i et samtidsteologisk perspektiv»

Fyrste foredrag var «Skandinavisk skabelsesteologi i et samtidsteologisk perspektiv»
ved professor Niels Henrik Gregersen frå Det teologiske Fakultet, Københavns Universitet.
Han såg blant anna på preikene deira og korleis dei hadde ulike stilar: Prenter var logos-orientert, det var teologisk utlegging. Wingren var pathos-orientert, men større vekt på metaforar og kjensler. Desse to hadde ofte eit narrativt utgangspunkt i bibelteksten. Løgstrup la vekt på «den etiske fordring» og det allment gjenkjennelege og han var sjeldan narrativ, men hadde oftast eit tema. Løgstrup preika induktivt med mange eksempel og gjekk frå erfaring til eksistensiell erkjenning, men Gudsriket er likevel noko anna enn skapinga og erfaringa.

Alle tre er opptatt av den fundamentale kamp mellom liv og død, noko det er mindre av i dagens preiker. Wingren forheldt seg til sekulariseringas problem, at bibelkunnskapen fell bort og Gud vert kjent gjennom skaparverket. Dette er eit forstadium menneska har med seg når evangeliet treff dei. Prenter aktualiserte problemet om ein skal ta opp samtidas utfordringar og kriser, han sa nei der dei fleste i dag seier ja.

”Frelse for hele livet «

Eg valde seminar med Inge Westly frå MF: ”Frelse for hele livet » – perspektiver på frelse og erfaring i preken av biskop Gunnar Stålsett (biskop i Oslo 1998 – 2005) med utgangspunkt i artikkelen «Evangelium og erfaring» i Tidskrift for praktisk teologi nr 2-2013.

Han tok for seg ei preike på samanes nasjonaldag i Oslo Domkirke. Det vart ein interessant gjennomgang og diskusjon om korleis Stålsett inkluderte samane i teksten om Jesu møte med den blinde Bartimeus, om kyrkjeinstitusjonen si rolle og om det var spor av skapingsteologisk eller postkolonial teologi. Diskusjonsspørsmålet var: Vidareformidla preika offer-tanken ved at det var kyrkja som skulle reisa opp samane, eller dreidde det seg om å gje samane ei røyst så dei kunne reisa seg sjølv (postkolonial teologi)?

Å tale (kristelig) om sansene og fenomenene. Kan vi det, for de andres skyld? Noen tanker om en skapelsesteologisk homiletikk.»

Avslutningsforedraget var ved professor Trygve Wyller frå Det teologiske Fakultet i Oslo: «Å tale (kristelig) om sansene og fenomenene. Kan vi det, for de andres skyld? Noen tanker om en skapelsesteologisk homiletikk.»

Wyller tok utgangspunkt i spørsmålet om korleis det allmenne skal tenkast inn i kristendommen. Her kritiserer den postkoloniale teologi det skapingsteologiske og tanken på at det finst noko allment og hevdar at tanken om det universelle er valdeleg fordi den vil forma alle i den kvite vestlege kultur sitt bilete. Spørsmålet er om det er mogeleg å forkynna teologisk universalitet og samtidig la dei undertrykte sine røyster koma fram. Løgstrup meinte at det allmenne er omstridt, men er den kontekst me må knyta oss til, me kan ikkje tenka oss ein kristendom som ikkje forvaltar eit allment «vi». Wyller stilte også spørsmål ved Marianne Gaarden sin tanke om «det tredje rom» der predikanten møter tilhøyraren, fordi kyrkjelyden allereie før preika er knytt til eit større «tredje rom» som kling med i preika sitt «tredje rom».

Dette var nokre inntrykk frå eit nyttig nettverksmøte. Diverre var det, truleg på grunn av tidspunktet, få deltakarar frå Noreg og Sverige, men det var god deltaking frå danske prestar med interesse for homiletikk. Ein slik møtestad er viktig for å halda oppe det faglege nivået og stimulera til fagleg arbeid og refleksjon i presteskapet, og eg takkar for støtta. Om to år vert det truleg i Lund.

Relaterte artikler

«Det livssynsåpne samfunn – dialog og polarisering»

Christoffer Tjelle ble tildelt støtte fra Presteforeningens Frie internasjonale stipend for å delta på Nordisk Dialogkonferanse, Trondheim, mars 2023. I denne rapporten forteller han fra konferansen, deler inntrykk og refleksjoner, og hvordan han har brukt av lærdommer derfra i sitt arbeid.

More-button