Forsiden < Månedens medlem desember

Månedens medlem desember

Kjersti Brakestad Boge

Presteforeningens medlemsmasse er mangfoldig!

Den spenner over alle slags prestestillinger, landet på langs og verden på tvers. Våre medlemmer er menighetsprester og spesialprester, organisasjonsansatte og saksbehandlere, proster og mellomledere, biskoper og direktører, studenter og pensjonister. De jobber hos over 150 arbeidsgivere, i fem forskjellige tariffområder, studerer på seks teologiske studiesteder og pensjonister finnes over hele landet!

I serien «Månedens medlem» vil vi vise fram noe av dette mangfoldet. Gjennom året får du et raskt møte med 12 av våre medlemmer.

Kjappe fakta om Kjersti Brakestad Boge, månadens medlem i desember

Stilling: Sokneprest
Alder: 46
Arbeidssted: Kvinnherad i Sunn-Hordaland, Bjørgvin
To fakta om jobben eller arbeidsstedet ditt: Kvinnherad ligg vakkert til ved munningen av Hardangerfjorden. Her er det mange kyrkjer og mange som kjem til gudstenester og kyrkjelege handlingar.

7 spørsmål

Kva jobbar du med akkurat no?
Eg førebur meg til Bispedømeråd i morgon, og til Kirkerådsmøte seinare i veka. Eg må også ha klart alt til skulegudstenestene på onsdag.

Kva inspirerer deg i jobben?
Møter med mennesker og samtalar om livet og trua. Alle menneska som lyttar når eg forkynner.

Nemn ei bok eller ein teolog som har vore viktig for deg:
Det er mange viktige bøker. Men Les Miserables, De elendige, av Victor Hugo har eg lest mange gonger.

Kva er favorittsalmen din?
Fordi han kom og var som morgenrøden – 479

Kva er di beste avkopling?
På tur i fjellet eller med ei god bok i solveggen på verandaen.

Dersom du skulle hatt ein annan prestejobb eller jobb i kyrkja – kva skulle det vore?
Eg har familie og det er viktig med stabilitet i livet og ikkje flytta for ofte. Men det hadde vore spennande å reisa ut med Sjømannskyrkja ein gong i framtida.

Kva er det høgaste punktet i verda du har vore på?
Det er vanskeleg å svara på. Det er mange høge fjelltoppar i Kvinnherad. Men dei høgaste fjella eg har vore på ligg i Alpene.