ill. foto.

Foto: Kirkerådet

GF 2018 – val av nytt sentralstyre

Det går raskt mot generalforsamling og dermed også val av nytt sentralstyre. Nominasjonskomiteen ønskjer ein så open og god prosess som mogeleg og bed om følgjande frå medlemmene:

1)     Tenk ut kven du/styret ditt vil føreslå til valet

2)     Spør vedkomande om du kan få lov til å føreslå vedkomande

3)     Send inn forslaget til asgeir.sele@seljordkyrkje.no innan 1. september

I tillegg er det eit spørsmål til som me vil lufte: Leiaren kan veljast for ein periode til. Det har vore litt ulik praksis i organisasjonen om nominasjonskomiteen i slike tilfelle nominerer ein motkandidat, eller ikkje. Innspel på kva nominasjonskomiteen bør gjere denne gongen, kan sendast til same epostadresse.

På førehand takk!

Med venleg helsing

nominasjonskomiteen

Ruth Irene Rasmussen, Gaute Granlund og Asgeir Sele (leiar)