Foto: Kristianne Marøy

Nordisk veilederkonferanse

Marit Isaksen Espedalen refererer fra nordisk veilederkonferanse i København – 14.-17. juni 2016

 

Nordisk ABV-konferanse – for fyrste gong i Danmark

For aller fyrste gong inviterte Danmark til nordisk konferanse for vegleiarar/supervisjon i København. På programmet stod utveksling og erfaringsdeling mellom dei nordiske landa på korleis ein brukar vegleiing for tilsette i kyrkjesektoren. Det er ein stad for å lære av kvarandre – om vegleiingsmodellar og metodar, og å høyre korleis vegleiing vert brukt som verktøy for å auke kompetanse og betre arbeidskvardagen for tilsette i kyrkja. Alle dei nordiske landa var representert.

Konferansens tema var «Gruppen i veiledning».

 

Bruk av gruppas ressursar

Fyrste temaforedrag var om gruppa i supervisjon og «brug af gruppens ressourcer» ved Susanne Bang (psykoterapeut og supervisor).

Ofte kjem man med i grupper og forventar at denne skal løyse problem, medan gruppa si primære oppgåve er faglig utvikling. Ein treng hjelp og utvikling når man står tett på menneske mellom anna i sorgarbeid. Når ein jobbar mykje åleine er det viktig å ha ei form for kontroll på kva som skjer med oss. Dernest er det viktig å kjenne sine eigne reaksjonar for å førebygge utbrenthet og slitasje.

Når gruppa er sett og arbeidet tar til er det viktig å være bevisst på antipatiar, spenningar, følelsar og konkurranse som oppstår. Leiaren si oppgåve er ikkje å bringe kvar enkelt vidare, men å bringe den vegleidde inn i eiga erkjenning. For at dette skal gå må rommet være trygt. Medlemmene i gruppa må ha felles fokus, og ikkje tale i alle retningar. Ein skal hige etter noko saman. Ein må i den samanhengen være parat til å avsløre seg sjølv. Vegleiing er reingjering der ein er naken i prosessen. Derfor er trygghet og rammer så viktig. Det krev mot å bli sett i korta. Fordelen med å være i gruppe er at ein kjem ut av si einsemd i arbeidet.

I Danmark ser vegleiingsmodellen litt annleis ut enn i Norge. Vegleiing er ikkje innarbeidd som eit fast verktøy, men blir plassert meir inn under sjelesorg og supervisjon for å kunne stå på dagsorden. Supervisjon førekjem derfor ofte meir i ein til ein relasjon.

 

«Det er som regel aldri problemet som er problemet»

Den neste foredragshaldar var Mikael Sonne psykolog, psykoterapeut og supervisor. I sin presentasjon av integrativ gestalt la han vekt på det han kallar kvadrantmodellen. «Det er som regel aldri problemet som er problemet, men måten man tenker om det som er problemet». Faktorane spiller saman og problemet er eit problem fordi den som søker vegleiing framstiller det som eit problem.

Vegleiingen bringer inn andre perspektiv slik at løysingar blir synlige. I vår sjølregulering blir vi klar over en følelse, og så gjer vi noko med den. I kontakten føler ein seg møtt og sett. Awareness kan bringe noko inn i oppmerksomheten som aksepterer og anerkjenner, også i eksperimentet når ein snakkar med den tomme stolen. Dette gir adgang til å få inn nye perspektiv på dette som kjennes som eit problem.

 

Tilknyting på godt og vondt

Jesper Mogens (professor i komparativ neuropsykologi) la vekt på den psykoanalytiske innfallsvinkel til familieteori og tilknytingsteori i sitt foredrag. Når vi pratar med en annen settes tilknytingsaspektet i funksjon. Våre eigne erfaringar på dette vil påverke, Er man godt regulert i sin tilknyting i kontakt med den andre så går det greitt, men det blir vanskelegare for den som bærer dårlige erfaringar. Opplevinga av om man blir møtt eller ikkje møtt vil ha betyding i vegleiingsrommet. Det blir viktig å søke samanheng mellom å si at man føler og vise at man føler.

Dette er fordi vi ofte mangler kontakt mellom å seie at vi føler en følelse og kjenne etter kva vi faktisk føler. Vi forklarer i staden for å vere i følelsen.

 

Vegleiing i praksis

Bengt Falk (cand.theol. psykoterapeut og supervisor) var den som hadde den mest praktiske innfallsvinkel. Hans tema var Cases med refleksion, med fokus på teologi og menneskesyn. Han inviterte til arbeid, og brukte som reiskap ein vegleiingssituasjon frå gruppa.

I sin kunnskapsformidling brukte han to stoler. På den eine stolen blei ein frå gruppa invitert til å legge fram noko ein ønska vegleiing på, medan den tomme stolen representerte «caset». Sjølv stod han for vegleiinga i situasjonen. Fokus var på prosessen, medan vi fekk tekniske tips om korleis ein stiller spørsmål. Målet var å oppdage noko om korleis ein kan «bli konfrontert uten å bli krenka».

Denne biten vart svært «ein-til-ein-vegleiing», og det hadde vore ønskeleg med meir fokus på gruppa. Dette vart ekstra tydeleg for oss frå Norge som har sterk tradisjon på vegleiing i grupper.

 

«Drømme og symboler»

Den siste foredraget var ved Pia Skogemann (psykoterapeut og supervisor), og tema var «Drømme og symboler i sjælesorg og veiledning». I si undervisning brukte ho drømmematrix: Noen fortalte sin drøm, som så eskalerte nye drømmefortellinger og vi lærte å lytte Ho la vekt på drømmen som drøm og symbol, og drøm som tegn. Spørsmål til drømmen vil være, kva skjedde dagen før drømmen, kva tenkte du på da du la deg, kva er draumen si handling, kva skjer og kven er med i scenariet. Tema også kjent frå Bibelen, både Jakobs drøm og Josefs drømmer er vel kjente. I Finland er dette temaet med i utdanninga av vegleiarar.

 

Forskjellighet og erfaringsdeling

 Dei ulke landa har forskjellige måta, metodar og modellar for vegleiing, Derfor er det viktig med desse nordiske konferansane der erfaringar kan delast. Norge fekk og bidra med ein reell gruppevegleiingssesjon for å presentere vårt arbeid ut frå språksystemisk metode. Nettverk knytes til tross for at språk av og til gir ei utfordring.

 

Neste Nordiske vegleiingskonferanse går av stabelen om tre år i Finland.