«Den fyrste bibelen på norsk» Historia om Fyrebilsbibelen

Bokmelding

Forfattarar: Anders Aschim og Per Halse
Novus forlag
228 s.

Eg eig eit eksemplar av Fyrebilsbibelen.

Det var meir som eit lukketreff at eg treiv han med meg under eit av biblioteket sine boksal i MF-kjellaren. Sidan har eg lært at desse biblane er ganske sjeldne. Han var heilt lik mange av dei andre biblane på bordet. Eg opna han fort, såg han var på nynorsk, tenkte at eg mangla eit eksemplar av nynorskbibelen frå 1938, og så tok eg han med meg. Fyrst nokre dagar seinare gjekk eg gjennom alt eg hadde kjøpt og oppdaga at det ikkje var Det norske bibelselskapet som stod som utgjevar, men «Bibelnemndi åt Studentmållaget i Oslo». Hadde eg hatt ei fyrsteutgåve og ikkje opptrykket frå 1930, kunne eg også ha sett at utgjevingsåret var 1921. Historia bak utgåva var ukjend for meg. I høgda hadde nokon nemnt han i ein fotnote på grunnfag. I høve hundreårsjubileet for denne merkverdige bibelutgåva har professorane Anders Aschim og Per Halse no skrive bok som forklarer bakgrunnen og plasserer denne omsetjinga i norsk vitskaps-, kyrkje- og kulturhistorie.

Boka til Aschim og Halse er den fyrste boka som er vigd til denne omsetjinga åleine. Dei to forfattarane har gått inn i arbeidet med boka med særs gode føresetnader. Kvar for seg har dei skrive fyldige biografiar om to av nøkkelpersonane bak bibelutgåva. Anders Aschim portretterer på levande vis hebraiskprofessor og salmediktar Elias Blix i Ein betre vår ein gong (2008), og Per Halse har levert ein solid biografi om MF-lærar og Bjørgvin-bisp Peter Hognestad (2016). Halse har vidare doktorgraden på avhandlinga som i bokform heiter Gudsord og folkespråk. Då nynorsk vart kyrkjemål (2011). Dei to går med andre ord til verket med god kjennskap til både persongalleriet i og kjeldetilfanget til historia om framveksten av nynorsk som kyrkjemål og kulturspråk på 1800- og byrjinga av 1900-talet. Anders Aschim er også bibelomsetjar, var med på Bibelen 2011 og har i ettertid gjort ein stor innsats, ikkje minst gjennom boka Bibelen 3.0: Bak Bibel 2011 (2013), for å formidle prosessen og tenkinga bak den gjeldande omsetjinga.

Boka dei to no har skrive er på knappe 230 sider. Ein omfattande kronologisk del fortel om bakgrunnen for omsetjinga av Fyrebilsbibelen og fylgjer prosessen fram mot utgjevinga sommaren 1921. Denne delen har Per Halse hatt hovudansvaret for. Framstillinga er detaljert og kjeldenær. Det ligg eit vesentleg arkivarbeid bak å hente fram artiklar frå aviser og tidsskrift, dokument frå organisasjonar og institusjonar og ikkje minst brev frå rikhaldige brevarkiv. Resultatet er at det i stor grad er dei medverkande sjølve som kjem til orde i historieframstillinga. Omsetjinga vert tydeleg plassert som ein del av det større programmet for å gjere nynorsken til kulturspråk. Optimismen som prega dette arbeidet frå 1880-åra hadde møtt harde realitetar, og bibelomsetjinga drog ut av praktiske årsaker. I 1916 tok utolmodige studentar tak og organiserte eit dugnadsprosjekt. Dei ville gjerne vere ferdige til reformasjonsjubileet året etter. Arbeidet dei sette i gang skulle ta fem år og involverte eit tjuetals medarbeidarar. Ein kjende på tidspresset og aksepterte at Det gamle testamentet i fyrste omgang dels vart omsett frå andre omsetjingar, dels frå grunnteksten og i somme delar fekk ein bruke Alexander Seippel sine grundige omsetjingar. Så følgjer framstillinga omsetjarane og redaksjonen gjennom prosessen, korrekturark for korrekturark. Som lesarar får me innblikk i korleis Gustav Indrebø og Peter Hognestad som de facto redaksjonskomité kvalitetssikra omsetjinga slik at ho ikkje er langt unna å kunne kallast grunnspråksbasert likevel.

Andre hovuddel er analysar av tekstprøver frå omsetjinga. Analysane syner korleis vala og hendingane som er skildra i fyrste hovuddelen fekk konsekvensar for den endelege teksten. Både talet på omsetjarar, den varierande kompetansen og at trykkinga byrja før dei siste omsetjingane var på plass, påverkar resultatet. Eg reknar med at fleire enn meg av Anders Aschim sine hebraiskstudentar vil kjenne att den pedagogiske stilen når framstillinga på lettfatteleg vis går frå grammatiske detaljar i den hebraiske teksten og tekstkritiske merknader til omsetjarval og målspråklege omsyn og trekkjer linjene fram til seinare norske omsetjingar, ofte heilt fram til Bibel 2011. Denne delen av boka plasserer omsetjinga også inn i dei bibelvitskaplege og teologiske brytningane i fyrste halvdel av førre hundreåret. På visse område låg omsetjinga langt før si tid, på andre dokumenterer ho retningar i bibelforskinga som fort gjekk ut på dato. Gjennom denne delen får ein også eit godt innblikk i korleis biskop Hognestad forvalta rolla si som samstundes GT-forskar og kyrkjeleg embetsmann. Dessutan får me, som det høver seg ei bibelfagleg framstilling, også ei forteljing om manuskript som har kome bort og ein tapt skatt i den nynorske litteraturhistoria.

Aschim og Halse lukkast i å gje ei perspektivrik framstilling av historia bak det dei til slutt konkluderer med kan kallast «den fyrste bibelen på norsk». Både samarbeidet mellom forfattarane og redaksjonsarbeidet verkar å ha gått godt. Der er nokre heilt få overlappingar og dublettar i boka, men dei skjemmer ikkje resultatet nemneverdig. For lesaren vert innleiingskapittelet og det altfor korte sistekapittelet med den i overkant smålåtne tittelen «Utblikk» viktige. Særleg i denne boka kan det vere ein tanke å lese båe desse før ein gjev seg i kast med hovuddelane. Det er nemleg her ein finn forfattarane sine analysar klårast gjort greie for. For skal ein ha noko å utsetje på boka, så er det at slikt elles får liten plass i forhold til attgjevinga av kjeldene. Det er ikkje det at dei ikkje får sagt det dei vil, men det skjer i form av korte og effektive passasjar her og der. Somme stader, særleg i den kronologiske framstillinga, får lesaren rett og slett litt lite hjelp til å halde tråden og skjøne relevansen av det ein les. Ein kunne også tenkje seg litt fleire refleksjonar over kva konsekvensar det har for framstillinga at mange kjelder ikkje er å finne. Redaksjonen av omsetjinga er grundig dokumentert og får god plass, men det er også historier om einskilde av omsetjarane og om kva som hende til dømes i sjølve bibelnemnda som ikkje let seg fortelje.

Hundreårsjubileet for Fyrebilsbibelen vart mellom anna markert under Dei nynorske festspela i fjor, og med seminar på Høgskulen i Volda dagen etterpå. Då hadde ein også med Meerke Krihke Leine Bientie, som i dag er sentral i arbeidet med å omsetje Bibelen til sørsamisk. Det sørsamiske prosjektet er ulikt omsetjinga av Fyrebilsbibelen på mange måtar, men nokre av dei same utfordringane med eit krevjande omsetjingsprosjekt i eit lite språkmiljø der mykje ansvar fell på dei få som sit kompetansen, kan ein kjenne att. Det er ikkje utan grunn at Halse og Aschim brukar fotnoteplass på kven som var gifte med kven og gjekk på gymnaset kvar – dei sosiale nettverka er med på å forklare korleis ei slik omsetjing kunne verte til.

For meg som er sokneprest heilt nord i Hognestad sitt gamle bispedøme og nær dagleg går forbi gravene til fleire av deltakarane i omsetjingsprosjektet og kjenner deira myndige, pastorale blikk i nakken i sakristia rundt forbi, gjev det perspektiv. Ikkje minst vert ein takksam når ein kjem inn i kyrkja og høyrer kyrkjelyden syngje, be og lese på hjartespråket. Halse og Aschim har no dokumentert eit viktig og noko krunglete stykke av vegen fram dit. Slik står boka også som ei påminning om kor viktig det er å halde fram omsetjingsarbeidet, slik at alle kan få høyre og lese bibelordet på sitt eige språk.