Bokomtale: Tru på Vestlandet

Birger Løvlie, Per Halse og Kristin Hatlebrekke (red): Tru på Vestlandet, NOASP Cappelen Damm Akademisk, 2020

Boka er tilgjengelig gjennom: https://press.nordicopenaccess.no/index.php/noasp/catalog/book/104

Tru på Vestlandet

Ein slik open tittel kan på den eine sida bli forstått som ei altomfemnande skildring av det som måtte finnast av tru på vestlandet. Mitt første møte med antologien fekk meg til å tenkje at ein tek mål av seg for å skildre det som måtte vere av tru på vestlandet. Men ved gjennomlesing av antologien er det nok meir å forstå som glimtvise skildringar av både lokale og regionale utviklingstrekk og analysar av samanhengar mellom det lokale og særleg den europeiske ideologiske utviklinga innanfor ein avgrensa tidsepoke. Fokuset er om lag tida frå Hans Nilsen Hauge kring år 1800 og fram til i dag. Antologien inneheld ei samling av artiklar som omhandlar historiske artiklar mest ut frå eit kyrkjehistorisk perspektiv.

Styrke

Styrken i antologien ligg i djupare analysar av det lokale. Her møter ein einskildpersonar og forteljingar som har hatt stor innverknad på kristenliv og kyrkjeliv lokalt. I ei viss mon maktar ein også å setje dette inn i ein større kontekst.
For ein som har vakse opp i bedehustradisjonen er det mange forteljingar og perspektiv å kjenne seg igjen i. I ei viss mon klarar forfattarane også å analysere trendar og setje det lokale inn i ein større kontekst. Sjølv om mykje var kjent for meg gav det også ny kunnskap og inspirasjon til vidare refleksjon over eige liv og eiga trushistorie.
For ein lesar som er ukjend med den vestlandske kristne tradisjonen kan mange av artiklane vere opplysande for å forstå dei spenningar og konfliktar som framleis kjem til uttrykk i det offentlege ordskiftet.

Sakn

Men det er likevel sider ved truslivet på vestlandet som antologien ikkje har sett nærare på. Dette gjeld særleg utviklinga innan pentakostale trusretningar og ikkje minst spenningane mellom indremisjon og reformert tankegods som har prega mange spenningar og konfliktar i det nærområdet antologien fokuserer på.

Lokal fordjuping og utvida kontekst

Gjennom 15 ulike artiklar spring ein mellom mange ulike tidsepokar og skifter frå det heilt lokale til den større konteksten knytt til utviklingstrekk i protestantisk teologi. Dette spennet blir konkretisert i artikkelen av Arne Apelseth. Han startar med ei reiseskildring frå biskopen i Bjørgvin og hans møte med nokre skysskarar. Så frå dette møtet blir lesaren ført inn i det ideologiske tidevervet som bryt gjennom i protestantisk lesing, noko som vidare fører til ei omvelting i ålmenta sin tilgang på kunnskap gjennom skriftelege kjelder. Kontrasten til det europeiske perspektivet finn vi artikkelen til Jan Ove Ulstein som skriv om Johs. Solheim. Her startar ein svært lokalt med ein enkeltperson, men ut frå denne lokale skildringa kan ein oppdage liner til vestlendingen sitt kyrkjesyn. Slik blir det lokale og det regionale bunde saman på ein opplysande måte.

Noko springande

Dei ulike artiklane spenner vidt, og det som på den eine sida kan vere eit godt kyrkjehistorisk grep: å ta utgangspunkt i einskildpersonar, kan i neste omgang gjere sitt til at sjølve antologien blir svært springande.
Sjølv om det var interessant å lese om H.P.S. Schreuder sitt arbeid i Zululand og spenningane mellom han og prosten på Madagaskar så verkar det heile noko perifert i høve til tru på vestlandet. Sjølv om misjonsrørsla stod sterkt så blir denne artikkelen for spesiell og maktar i liten grad å relatere forteljinga til det som rører seg i misjonsrørsla på vestlandet. Skal ein skrive om tru på vestlandet er ordet vekking eit nøkkelomgrep. Eg hadde gjerne sett at artikkelen til Per M Aadnanes hadde kome først i boka. Denne artikkelen opnar opp rommet for å kontekstualisere dei andre artiklane i samlinga.

Spanande med nyare forsking på den nære kulturen

Alt i alt er det spennande å få tilgang til nyare forsking på den nære kulturen som framleis pregar mykje av det vi møte i kvardagen både som prest og som eit menneske som freistar å leve livet med ei levande tru. Så både for vestlendingar og andre kan desse glimta gjere oss litt klokare og kanskje også litt meir audmjuk i møte med kvarandre. Det siste kan gjerne vestlendingen bli flinkare til.