Bokomtale: Religion i praksis

Vebjørn Horsfjord: Religion i praksis, Oslo: Universitetsforlaget 2017

Ved Kristin Lødøen Hope, sjukehusprest ved Haukeland Universitetssjukehus, Bergen

«Religion, er det så farlig da?» Med dette spørsmålet innleiar Horsfjord boka «Religion i praksis» som er rettar seg mot alle som møter det religiøse mangfaldet i Norge, offentleg eller privat. I seg sjølv er det eit nokså ambisiøst prosjekt, men boka svarar på eit behov for kunnskap om religionar vi omgir oss med, og gir innsikt i mangfaldet av religiøse praksisar innanfor dei 8 største religionssamfunna i Norge; Buddhisme, Hinduisme, Islam, Jødedom, Katolisisme, Ortodoks kristendom, Protestantisk kristendom og Sikhisme.

Religion er «farleg», fordi religion er viktig for mange menneske. Religiøst tilhøyre gir identitet, sosialt fellesskap, verdiar og retning for livet. Som sjukehusprest opplever ein ikkje sjeldan at religion blir særleg viktig i eksistensielle kriser. Då er det avgjerande for den heilskaplege omsorga at pasientane blir møtt på sine behov. Det å tileigne seg kunnskap om korleis ulike religionar grip inn i kvardagen til menneske, og spesielt i møte med sjukdom og død, er ein god start for alle som jobbar på institusjon. Horsfjord brukar omgrepet «religious literacy»; kunnskapar og ferdigheiter som gjer oss i betre stand til å samhandle med andre. Denne religiøse alfabetismen kan bidra til religionssensitivitet, men den kan aldri, som Horsfjord også understreker, erstatte det personlege møtet med den andre, den nysgjerrige og velvillige tilnærminga til eit «du» og respekt for det som er viktig for den enkelte her og no, uavhengig av religiøs ståstad (kap 1 – «Ikke bare prinsipper»).

Horsfjord peikar vidare på at religion kan vere farleg, dersom ein gjer religion til det aller viktigaste. Då kan religion overskygge andre menneskelege erfaringar. Det kan i følgje Horsfjord handle om marginalisering, økonomiske utfordringar, heimlengt og psykiske problem, og i vår samanheng kan vi gjerne legge til smerte, kvalme, einsemd og rolle-endring. Religion må ikkje gjerast til forklaringsmodell for og løysing på alle problem. Almenmenneskelege erfaringar og kulturelle praksisar må ikkje bortforklarast i religion. Kunnskap om religion må heller ikkje gjere oss til velmeinande forståsegpåarar som trur vi veit kva andre har behov for.

Boka manglar eit innbydande ytre, og nokre bilete eller illustrerande symbol undervegs hadde gjort seg. Når ein kjem til kapitla om religionane, blir mykje relevant praksiskunnskap formidla, men ein skal vere nokså motivert og veldig konsentrert for å få med seg alt. Kvar religion blir presentert ut i frå temaområda; «Hjemmet og dagliglivet, kroppen, maten, gudshuset, året, livet og lederne». Det gir ein viss systematikk og eit samanlikningsgrunnlag, men det blir vel teoretisk og oppramsande om kvar religion. Det er lett å miste oversikta, for innanfor kvar religion presenterer boka ulike praksisar i ulike retningar, og Horsfjord hoppar fram og tilbake mellom desse retningane. Det er også ein del gjentakingar i teksten som verkar forstyrrande, og det gjer det heile litt uryddig etter mitt syn. Det kunne vore lettare å få oversikt om teksten hadde hatt fleire uthevingar av til dømes dei ulike retningane.

Stikkordregisteret bak i boka er tenleg. Her kan du slå opp om du lurer på kva tankar t.d. muslimar har om døden. Men spørsmålet blir om boka gir tilstrekkeleg og utfyllande nok kunnskap? Horsfjord presiserer sjølv at boka ikkje er ei innføringsbok i dei store religionane, men har ei praktisk orientering. Det er i utgangspunktet eit godt grep, men ofte sit eg igjen med spørsmål som: «Men kvifor praktiserer dei slik»? Kvifor vil mange buddhistar t.d. at kista skal plasserast slik at hovudet ligg mot vest? Eller, kva tenker dei om livet etter døden? Når ein forstår, er det og lettare å akseptere praksisen.

Det kan vere vanskeleg å skilje klart mellom religion, folketru og kultur. Når Horsfjord likevel omtalar astrologi og ideelt tidspunkt for giftarmål, så ville det vore naturleg også å seie noko om tidspunkt for fødsel. Dette får praktiske konsekvensar i utbreidde ønske om keisarsnitt for at barnet skal bli fødd på rett tid.

Under temaet «kroppen» saknar eg generelt noko om synet på sjukdom. Korleis forklarar religionen det å bli sjuk, få eit barn med handikap etc. Er det tilfeldig, ei straff, dårleg karma, ei velsigning? Forståinga av sjukdom vil vere nyttig å vite meir om når vi møter folk i institusjonane våre. Det er ikkje så nyttig å vite noko om islamsk finansiering!

Boka legg fram tal og statistikkar. Dette blir fort utdatert. Her kunne ein med fordel hatt fotnotar til kva årstal og kvar desse tala er henta frå. Samfunnet er heile tida i endring. Når det gjeld muslimsk gravferd t.d., blir no 90% av alle døde gravlagde i Norge, og alle kommunar har avtale om gravplass. Då gir det feil inntrykk å skrive at det er vanlig å sende avdøde til landet familien opphavleg kjem frå for å gravleggast der.

Det er litt vanskeleg å få tak på sjangeren til boka. Språket er lett og ledig, særleg i dei innleiande kapitla, men i blant vel munnleg til å skulle være ei lærebok. Samstundes blir det brukt ein del faguttrykk/religiøse uttrykk som ikkje alltid blir forklart tilstrekkeleg. Ei ordliste bak i boka, og fotnotar undervegs, kunne ein med fordel hatt med. For prestar med generell kunnskap om andre religionar, kan boka godt fungere som repetisjon/oppslagsverk. Eg sit likevel igjen med eit ønske om ein endå meir systematisk presentasjon, gjerne i stikkordform, som hadde gjort innhaldet lettare tilgjengeleg.

Boka gir innimellom praktiske råd og forslag til korleis ein kan møte ulike religiøse praksisar. Det er relevant, men dessverre er ikkje dette konsekvent gjennomført i heile boka, men heller litt tilfeldig plassert. Epilogen om «Skikk og bruk i det flerreligiøse Norge», er saman med innleiinga og kap 1, er etter mi meining det mest matnyttige i boka. Der blir vi presentert for grunnlagstenking i møte med personar med annan religiøs- og kulturell bakgrunn og enkle kjørereglar som kan vere gode å ha i minnet i møte med alle menneske.

Trass i litt rusk her og der, vil eg tilrå kollegaer å lese/bruke boka. «Religion i praksis» kan hjelpe oss til å stille dei rette spørsmåla og slik bidra til at vi yt best muleg omsorg. Som Horsfjord sjølv peikar på, er det aller viktigaste spørsmålet i møte med den andre uansett religion: Kva er viktig for akkurat deg, akkurat her og akkurat no?