Bokomtale: Kallelse och erkännande. Berättelser från de första prästvigda kvinnorna i Svenska kyrkan.

Frida Mannerfelt og Alexander Maurits: Kallelse och erkännande. Berättelser från de första prästvigda kvinnorna i Svenska kyrkan. Göteborg – Stockholm: Makadam förlag, 2021 (Svenska kyrkans forskningsserie nr. 48, 2021).

Eit kjøkkenskap fullt av kallsforteljingar 

Ein dag medan Frida Mannerfelt var på besøk hos Lena Malmgren, spør brått Lena om Frida kan hjelpe henne med noko. Det viser seg at Lena, som sjølv blei ordinert til presteteneste i Svenska kyrkan (SvK) i 1967, har ein perm i hylla over kjøleskapet sitt. I denne permen har ho ei samling svært personlege kallsforteljingar frå dei fyrste kvinnene som blei ordinert til presteteneste i Sverige. No ber ho kyrkjehistorikaren og presten Frida om hjelp til å fullføre innsamlinga av desse forteljingane. Og om hjelp til å få samlinga plassert der ho meiner dei høyrer heime: i det kyrkjehistoriske arkivet ved Lunds bibliotek.

«Det var ei sånn oppleving som ein får frysningar av», har Frida Mannerfelt sagt om oppdaginga av materialet, som fram til 2004 hadde vore samla i eit kjøkkenskap. Saman med Alexander Maurits, docent i kyrkjehistorie ved Lunds universitet, har Mannerfelt komplettert det opprinnelege materialet. Mannerfelt og Maurits sitt arbeid med materialet er no tilgjengeleg i boka Kallelse och erkännande. Berättelser från de första prästvigda kvinnorna i Svenska kyrkan.  

Eg er truleg ikkje den rette til å vurdere Mannerfelt og Maurits si bok. Eg kjende det allereie då eg fekk boka i posten – ei ukritisk begeistring over korleis innhaldet i boka er skildra på omslaget. Som om eg får ta del i Mannerfelts frysningar, når eg no får gå djupare inn i dei personlege forteljingane til kvinnene som gjekk framfor meg. Historia om ei reform og om kvinner sitt kall og teneste, ei historie vi både i Noreg og i Sverige har hatt ei utprega generell og forenkla forståing av.

Motstand og manglande anerkjenning på ulike nivå

Trass begeistringa er det likevel tydeleg at boka si styrke også kan vere det som hindrar ho i å nå ut til ei brei lesargruppe. I det innleiande kapittelet presenterer Mannerfelt og Maurits blant anna Axel Honneths anerkjenningsteori. Det er ei svært interessant tilnærming. Bruken av Honneths teori bidrar med å differensiere ulike lag i det ytre kallet, slik at det blir tydeleg at anerkjenning kan skje på ulike nivå. Gjennom å skilje mellom juridisk, sosial og personleg anerkjenning bidrar teorien med å synleggjere ein etablert måte å vise motstand mot kvinner sitt kall og presteteneste:

När någon av oss kvinnor hade hållit en predikan i gruppen fick vi alltid höra: «Detta passar på en församlingsafton men inte i predikostolen». På en resa som gruppen företog till dåvarande Diakonistyrelsen och Missionsstyrelsen, försökte man pressa mig på i vilket stift jag ämnade anhålla om prästvigning. De menade att det var min plikt att tala om detta, så att de kunde undvika att hamna i samma stift som jag. På den tiden fanns det många s.k. rena stift, d.v.s. stift utan någon kvinnlig präst. Någon i gruppen ansåg sig t.o.m. veta att jag sökt kollektstipendium i Härnösands sift och därför skulle gå dit. Själv visste jag varken ut eller in och något kollektstipendium hade jag aldrig sökt. Ibland fick jag höra att en kvinnlig prästvigning under alla omständigheter var verkningslös. Den kunde likställas med dop av en gris. Det hände att jag var så modfälld att jag knappt orkade gå till föreläsningar och övningar.                                                       (side 152f)

Boka inneheld mange døme på korleis motstanden mot kvinner si presteteneste blei tydeleg. Det handla ikkje nødvendigvis om å vise motstand mot den juridiske stadfestinga etter at presteembetet blei opna for kvinner etter Kyrkomötets avgjerd i 1958. Motstanden kom ofte til uttrykk i det som med hjelp av Honneth kallast manglande sosial anerkjenning gjennom handlingar, usynleggjering og språkbruk. Honneths teori gjev også ord for kor øydeleggande det kan vere når ein ikkje får anerkjenning, uavhengig av om denne er teologisk grunngjeven eller ikkje.  

Kall og kompleksitet

Boka er delt inn i tre sjølvstendige hovuddelar. Det er truleg eit klokt grep. På denne måten kan lesarar som ikkje har interesse for den meir teoretiske tilnærminga konsentrere seg om det som jo eigentleg er det hovudsaklege sentrum i boka: kvinnene sine svært personlege kallsforteljingar. Til saman inneheld boka forteljingar frå 34 namngjevne kvinner som blei ordinert til presteteneste i åra mellom 1960 og 1970. Forteljingar som utan Lena Malmgren sitt initiativ like gjerne kunne forsvinne i stillheit i staden for å bidra til ei meir kompleks forståing av sentrale kyrkjehistoriske spørsmål: Kva skjedde eigentleg når kvinner fortalde om eit indre kall til presteteneste? Kva skjedde når kvinner fekk plass ved teologiske institusjonar og når desse kvinnene skulle bli tatt imot av kyrkja og kyrkjelydane? Kva svar får vi på desse spørsmåla når dei fyrste kvinnene som tenestegjorde som prestar sjølve får dele sine erfaringar?

Biletet boka teiknar er komplekst. Utan å røpe for mykje, kan eg til dømes nemne skildringar av den ambivalens kvinner kunne oppleve i møtet med biskopar. Dette gjaldt biskopar som ordinerte mange kvinner og dermed har vore forstått som viktige støttespelarar for den reform Kyrkomötets vedtak i praksis var. Eller om den vyrdnad som kjem til uttrykk i boka, også frå menneske som ikkje kunne gje si støtte til det prinsipielle vedtaket om kvinner si presteteneste. Den nyanserte historia som blir meir synleg i boka fortel om kvinner som kom frå ulike tenester, frå ein slags marginal om ein set desse tenestene opp mot det kall til presteteneste mange av dei så tydeleg erfarte og uttrykte. Men vi får også ta del av kva som skjedde når desse kvinnene skulle kjempe mot ei større og meir kompleks forteljing: mot prinsipp, mot offentleg debatt og mot juridiske avgjerder.

Sjølv om boka i stor grad er eit oppgjer med alle forsøk på å snakke om «kvinnelege prestar» som om det er ein homogen kategori, er det tydelege tendensar i det samla materialet. Det gjeld til dømes dei mektige skildringane av ytre og indre kall til å kunne få tenestegjere som prestar i kyrkja. Som lesar merker eg kor sterkt det er å lese døme på korleis kvinnene uttrykker desse kallserfaringane.  

Avsnittet frå boka eg siterer i denne omtalen, der ei av kvinnene får ordinasjonen sin samanlikna med dåpen av ein gris, skil seg ikkje ut som ei uvanleg vanskeleg erfaring. Det er mange uttrykk for smerte og om lengting eller ein slags begynnande kamp for anerkjenning i boka sitt materiale. Sitatet er så graverande at det kan gjere ein motlaus når ein vurderer å opne ei slik tung og tjukk bok. Og det blir verre. Men likevel opplever eg at dette mest er ei bok som gjev håp og som i stor grad handlar om gleda over å få leve ut sitt kall – i den kyrkja som har kalla til teneste. Om ein les dette spesielt i relasjon til Honneths teori, er det eit stort og varmt håp i fortellingane om korleis anerkjenning kan utvidast og inkludere stadig fleire. Eit håp som gjev grunnlag for nok ein refleksjon over påstanden som kyrkja så ofte må relatere til, også i vår tid:  Det som er sjølvsagt, kan endrast.

Frida Mannerfelt, Alexander Maurits: Kallelse och erkännande, elektronisk tilgjengelig versjon.