Peter Hognestad

Peter Hognestad

Biskop Peter Hognestad 150 år – overføring av jubileumsgudsteneste

Jærbuen Peter Hognestad gjorde mykje for å innføre nynorsk mål i kyrkja. Han omsette høgmesseliturgien til landsmål og var sentral i omsetjinga av Bibelen til landsmål og i arbeidet med nynorsk salmebok. Han omsette kjende salmar som «Leid milde ljos», «Fager kveldssol smiler» og «Det hev ei rose sprunge». Han var professor ved Menighetsfakultetet fra starten til 1916 og biskop i Bjørgvin bispedøme (1916-1931).

Søndag 13. november strimar Stavanger Aftenblad jubileumsgudstenesta i samband med Peter Hognestad-jubileet i sanntid. Det er snakk om ei gudsteneste som langt på veg er ein språk- og kyrkjehistorisk rekonstruksjon av landsmaal-gudstenestene slik dei var med den liturgien Peter Hognestad skreiv i 1907 (utgitt i 1908).

I jubileumsgudstenesta i Time kyrkje søndag blir nokre av dei mange salmane Hognestad omsette til nynorsk også sentrale.

Denne gudstenesta vil både kyrkje- og språkhistorisk vere ei viktig markering.

Hognestad var også aktiv i Presteforeininga. På generalforsamlinga på Hamar i 1921 heldt han til dømes bibeltime om «Det indre menneskjet». Bibeltimen kan lesast i beretninga Fra Den norske kirkes presteforenings niende generalforsamling, Kristiania 1922.

hognestad-pf2hognestad-gf