«Måtte du Berge verda åleine, Furre?»

Bokomtale: Arnhild Skre: Berge Furre – eit liv i rørsle, Samlaget, 2022

Eit billig poeng den overskrifta. Men i eit liv der Berge Furre som 18-åring hadde som mål å ta over leiinga i AUF og gjere AUF til ein reiskap i kampen mot norsk medlemskap i NATO, og til han, via mange andre kampar og engasjement, som 70-åring kjempa for urfolks rettigheitar i Brasil, så gjev overskrifta faktisk meining.

Eit rikt bilete

Arnhild Skre har i ein biografi på 600 sider teikna eit rikt bilete av Berge Ragnar Furre sitt mangslungne liv. Sjølv er eg fødd i 1960, oppvaksen i Stavanger og Berge Furre var ein mann som eg har høyrt om frå barnsbein av. Eg har vore prest i tre år på Finnøy og Sjernarøy, der Berge vaks opp, og er nå prest på Bokn, dit mor til Berge tok med seg huset sitt frå Sjernarøy då ho gifte seg på nytt etter fleire år som enke.

Barndom og oppvekst

Som Jesus hadde og Berge ein broket bakgrunn. Biografien fortel: Faren, Berge Bergesen Furre var bondeson, men Bergesen-namnet kom frå ein rik kjøpmannsfamilie i Stavanger. Berge Sr reiste til USA og busette seg i New York, vart gift, men kona døydde etter nokre år. Gift påny med ei fråskild kvinne, Karen frå Noreg, som og døydde frå han. Så kom dotter til Karen, Else, til USA for å hjelpe Berge i ei vanskeleg tid – og ekteskap nr tre vart resultatet og Berge jr vart fødd i 1937. Dei flytte tilbake til Noreg og busette seg på Sjernarøy. Med god pensjon frå USA kunne dei bygge eit fint hus på ei tomt dei fekk bygsla av bror til Berge sr. Her vaks då Berge opp med ein far som vart sjuk, med strid mellom bedehus og kyrkja om den rette tru, der Berge sin familie var på «kyrkjesida», og med eit liv der bøker og kunnskap skulle setja sitt preg.

Då faren vart sjukare, gjekk vegen via Stavanger til Oslo i 1949. I Oslo hadde Berge nokre gode lærarar som stimulerte leselyst og politisk interesse. Faren døydde i 1951, og same året, om sommaren, dro mora Else og Berge på sykkeltur til Italia. Gjennom eit Italia som framleis var sterkt prega av krigens øydeleggingar og stor fattigdom, vart dette ei danningsreise som var med og forma Berge.

Politisk liv

Arnhild Skre har hatt eit rikt utval av kjelder til biografien, ikkje minst Berge Furre sitt eige materiale – og han hadde tatt vare på mykje. Skre gir ei detaljert historie om Furre sitt politiske liv. Der hans kamp mot Nato førte til stifting av Sosialistisk Folkeparti (SF), vidare til Sosialistisk Valgforbund (SV), som igjen vart til Sosialistisk Venstreparti (SV). Denne første delen av boka er kanskje den tyngste. Men, den syner år med mange harde åtak – ofte med ufine middel, og harde kampar – både innad og utad i partiet og dei ulike organisasjonane Furre var engasjert i.

Kvart kapittel er lettlest. Det er nok mengda som gjer at det kan opplevast noko tungt. Samstundes som det er urå å seie kva som skulle vore utelatt. For det er nett mengda som gjer at eg ikkje skjønar at Furre orka å ta på seg dei oppgåvene og gå inn i dei kampane som kravde så mykje av hans tid, at han måtte gje avkall på så mykje anna.

Åra som historikar

Så tenkjer nok Arnhild Skre at åra som historikar, først på Universitet i nord, seinare som kyrkjehistorikar på Teologisk Fakultet (TF) vart betre år. Då fekk han meir arbeide i lag med kollegaer, for studentane, og stridane vart færre. Men framleis syner Skre at Berge Furre stod opp for det han meinte var rett. Her vart også år med eit godt familieliv, spesielt då han kom til Oslo og fekk bu og arbeide saman med familien.

Trushistorie

For meg som prest er den trushistoria som Skre teiknar, interessant. Kva vegar trua tok i Berge Furre sitt liv, og dei folka som hun peikar på var viktige i den delen av hans liv. Frå ein ung, ivrig teologistudent, via år der trua ikkje vert uttalt, via samtalar med ein dansk prest som han møtte under ein fredsmarsj i Danmark, kyrkjegang i Tromsø, til nytt engasjement i Den norske Kyrkja for ulike saker som urfolks rettar i Brasil, miljøkamp, kvinnelege prestar og likekjønna samliv.

Berge Furre levde eit aktivt liv. «Krona på verket » er kanskje då han vart vald som medlem i Nobelkomiteen? Og der han gjekk inn, der engasjerte han seg sterkt, så og i Nobelkomiteen.
Så fekk han ein kort alderdom. Som mora Else fekk og Berge Alzheimers og han døde i 2016, 78 år gamal.


«Måtte du Berge verda åleine, Furre?»

Var det verdt det, er eit av spørsmåla eg reflekterer over etter å ha lese boka. Var det pietistisk ansvarskjensle og kallstanke, saman med sit grunnfesta sosialistisk syn på samfunnet som låg i botn? Skre hjelper oss med å reflektere gjennom boka, så langt hun kan. Det hadde vært så interessant om Furre sjølv hadde reflektert over det. Om alt det han arbeidde og stridde for, dei personane og sakene han brann for – om han opplevde at det hadde vært verd det. Om alt av familieliv han gav avkall på, forsakinga, – var verd det han oppnådde.

Ei viktig bok

Arnhild Skre har skrive ei stor og viktig bok i mine auge. Som politisk historie, som personhistorie, som trushistorie. Lettlest, men den krev noko av meg som lesar. Ein kronologisk oversikt ville ha hjulpet meg til å halde tråden og oversikten betre.

Folket på Bokn hugsar godt Berge Furre og familien hans, og han synte fleire rundt på Stortinget når dei vitja Oslo. Ein liten mann, med eit mangslungent liv. Ein det var kjekt å bli betre kjend med gjennom denne boka.

PS. Boka fortel: Ein person sit og gret i bilen etter gravferda. Såra over at den delen av livet til Berge Furre som vedkomande hadde vært ein viktig del av hadde fått liten plass. For meg – ei viktig påminning før kvar gravferd eg skal gå inn i.