Forsiden < Konferanserapport: «Smerte og lidelse», Landskonferanse for helseprestar, 15.-17.oktober

Konferanserapport: «Smerte og lidelse», Landskonferanse for helseprestar, 15.-17.oktober

Foto: Odd Erling Vik Nordbrønd

«Smerte og lidelse» Helseprestkonferansen 15.-17.oktober 2018.

Årets konferanse blei arrangert på idylliske Sommarøy utanfor Tromsø i oktober. Det var lokale prestar som stod i bresjen for samlinga.

Temaet denne gangen var «Smerte og lidelse». I dette kan det vere mange fokus. Som prestar i sjukehus og på sjukeheimar møtar vi ofte menneske som har mykje å bere på. Oftast er det kanskje pasientane, andre gongar er det pårørande vi samtalar med. Eller det er tilsette som kan trenge ein medvandrar. Men tema rommar også oss sjølve. Kva gjer det med oss å møte alt dette? Kan det vere at vi også kjenner på smerte og liding?  Det kan også vere situasjonar i eigne liv som har desse opplevingane.

Lokalkomiteen hadde sjølv lagt føringa for tema og innhald i konferansen. Dei har siste året opplevd å miste ein god kollega. Det vart ein brutal utgang av livet. Dette vart sagt innleiingsvis i konferansen, slik at det var eit bakteppe i vidare program.

Vår samtid sitt forhold til smerte og liding

Første dagen var det eit foredrag med Ida Hallgren frå Sverige. Ho er psykolog og tek doktorgrad i praktisk filosofi. Ho hadde temaet «Vår samtid sitt forhold til smerte og liding, ut frå eit allment og filosofisk perspektiv». Dette vart etterfølgt av responsar og samtalar. Denne dagen hadde også eit spennande program på kvelden. Då var det kunsthistorikaren Hanne Hammer Stien som heldt eit føredrag om fotografen Kåre Kivijärvi, også dette var i tråd med hovudtema.

Nordlys var det ikkje, men nokre fann fram til badstu og stamp i dei seine kveldstimane.

Kristen fortolking av smerte og liding

Neste dag var det Ola Sigurdsson, også han frå Sverige, som hadde første økt. Han er professor i trus-og livssynsvitenskap ved universitet i Göteborg. Hans tema var «Kristen fortolking av smerte og liding, i lys av vår samtid og teologiske tradisjonar». Etterpå var det respons og deretter ulike parallellsesjonar. Ut på kvelden vart det festmiddag med ymse innslag. Bl.a. var det stas å høyre eksdirektøren på hotellet fortelje om korleis samfunnet der ute var for 100 år sidan og om ein visjon om eit hotell som vart til realitet. Med i programmet var også Anne Nymo Trulsen, ein kjent frontfigur i Hekla Stålstrenger. Ho tok oss med inn i nord-norske viser.

Å jobbe i kriser og stor nød – kva gjer det med hjelparen?

Siste dagen var det ein spennande samtale mellom Mads Gilbert (den velkjende klinikkoverlegen ved Akuttmedisinsk klinikk  ved UNN) og Leif Bremer (ein kjend prest – i alle fall i Tromsø, som no er fengselsprest og leiar ved Crux Huset oppfølgingssenter i Tromsø). Temaet dei hadde fått var «Å jobbe i kriser og stor nød – kva gjer det med hjelparen?». Dette var kanskje det innhaldet vi fekk mest igjen for. Det var ein ærleg samtale om krevjande arbeidssituasjonar som dei fleste kunne kjenne seg igjen i. Ikkje minst var det flott å oppleve at agnostikaren Mads Gilbert gav gode tilbakemeldingar til det kyrkjelege nærveret på sjukehus og andre helseinstitusjonar. «Vær synleg med messehaklane dykkar!». Han kom stadig tilbake til dette plagget.

Kor vert det neste år, mon tru?

Desse konferansane er i utgangspunktet årlege, så sant nokon tek på seg oppdraget. Det er fagutvalet for prestar i helsesektoren som trekk i trådane. Kor vert det neste år, mon tru?

Takk til lokalkomiteen (Ingun Fossland, Torbjørn Askevold, Lena Carolina Stordalen og Line Bakke) som arrangerte så flott i år! Det ligg mykje arbeid bak eit slikt arrangement. Takk også for at vi fekk vere på Sommarøy!

Av Odd Erling Vik Nordbrønd,
sjukehusprest i Volda