Forsiden < Bokomtale: Apokryfane – første gang på nynorsk

Bokomtale: Apokryfane – første gang på nynorsk

Apokryfane. Dei deuterokanoniske bøkene i Bibelen, Bibelselskapet. 2018

Av Steinar Sneås Skauge, teologisk rådgjevar, Nord-Hålogaland bispedømme

Det er nesten utruleg at ein måtte vente til 2018 før Apokryfane kom på nynorsk. Det er snakk om bøker som var ein fast del av alle dansk-norske biblar frå 1550 til slutten av 1800-talet. Bøker Augustin sa at var guddommeleg inspirerte og Martin Luther meinte var «nyttige og gode å lese», trass i at han ikkje likestilte dei med det vi reknar som kanoniske bøker i vår kyrkjetradisjon. Og likevel måtte vi vente til 2018 før dei kom på nynorsk.

Ventetida var lang, men når vi endeleg fekk Apokryfane på nynorsk vart det ei god omsetjing. Språket flyt godt og lett, og det er med hell brukt det eg vil omtale som meir moderne ord som ligg nærmare daglegtale. Det er bra.

Eit godt døme på korleis språket er lett og godt finn vi i Den greske Ester-boka. Dette er ei bok vi også finn i GT, og det er skilnad i språket mellom Apokryfane og Bibelen 2011. Dette kan skuldast skilnader i grunntekstane, men eg vil uansett hevde at Apokryfane kjem ut som den beste teksten på nynorsk, reint språkleg. Lat oss sjå på vers 5,9. I 2011-omsetjinga står det: «Den dagen gjekk Haman glad og fornøgd derifrå. Men då han fekk sjå at Mordekai, som sat i slottsporten, korkje reiste seg eller var redd han, vart Haman fylt av sinne mot han.»  I Apokryfane står det i det same verset: «Så gjekk Haman frå kongen. Han var oppstemd og i særs godt humør. Men då han fekk auge på jøden Mordekai i slottsgarden, øste han seg kolossalt opp.» Vi kan også samanlikne med den gamle omsetjinga av Apokryfane, då på bokmål og mykje meir traust og gamalmodig: «Så gikk Haman glad og fornøyd fra kongen. Men da han fikk se jøden Mordekai, som satt i slottsgården, ble han meget harm.».  Eit anna døme på ulik bruk av ord er i 2,18 i den same boka. I Bibel 2011 heldt kongen «eit stort festmåltid» medan han i Apokryfane heldt «eit drikkegilde». Igjen kan dette kome av ulike grunntekstar og det er sjølvsagt heller ikkje nøyaktig det same meiningsinnhaldet her, men skilnaden gjer at teksten i Apokryfane kling betre i mine øyre. Også i Visdomsboka finn vi gode døme på denne moderniseringa og normaliseringa av språket. I 7,17 i den gamle bokmålsomsetjinga les vi: «Han har gitt meg sikker viten om alt som er, så jeg kjenner universets oppbygning og elementenes virkemåte», medan den nye nynorskomsetjinga kan fortelje oss at «Det var han som gav meg usvikande kunnskap om alt som finst, så eg kan vita korleis verda heng i hop og elementa fungerer». Eller kva med Sirak 50,26 der folket som bur i Sikem i den gamle bokmålomsetjinga vert kalla for «uvettige» medan det på nynorsk er «toskete». Apokryfane på nynorsk kjem klart best frå dette! Eg har ikkje hatt tilgang til den nye teksten på bokmål, men eg vonar at den er like god som eg meiner nynorskteksten er.

Teksten i seg sjølv er god, men skal prestar ta seg bryet med å lese dette? Har Apokryfane noko å kome med til oss i vår lutherske kyrkje i dag? Ja, det vil eg seie. Sirak gjev eit kræsjkurs i Det gamle testamentet som mange, inkludert meg sjølv, kan ha godt av. Tobit er ei flott forteljing ein bør kjenne og både Tobit og Judit har vore viktige bøker i kyrkje og kunst. Det er sterke spor av Visdomsboka i NT og å lese boka sjølv er ei god oppleving. Makkabearbøkene er også bøker som har hatt forma kyrkjehistoria. Og slik kan ein fortsette med å vise korleis desse bøkene er ein sentral del av kyrkja vår og derfor bør lesast. I tillegg er det i denne utgåva både svært gode innleiingar til dei ulike bøkene og ei lengre innleiing til samlinga som heilskap. Dette gjer at det som kan vere ukjende tekstar for mange går inn i ein kontekst som gjer dei relevante. Kanskje kan ein også finne ny inspirasjon til preiker og andaktar i desse tekstane? Eg tenker at ein ikkje skal vere redd for å trekke inn dette stoffet i forkynning og undervisning, for det er mykje her som fortener eit større publikum enn dei som kjem til å lese tekstane sjølve.

Eg er altså godt nøgd med teksten og det redaksjonelle stoffet. Men eitt val ein har tatt stiller eg meg spørjande til. Kvifor har ein gått for papir som er tjukkare enn vanlege bibelark og tynnare enn sidene i ei vanleg bok? Dette gjer at eg heile tida trur eg har bladd over ei side, og blir sittande og «leite etter» sida eg har hoppa over. For hovudet, og fingrane, vert stilt inn på «bibelmodus» når ein får boka i hendene og sidene er heller ikkje tjukke nok til at ein instinktivt forstår at det er tjukkare ark. Valet av papir gjer rett og slett leseopplevinga mykje tyngre enn ho kunne ha vore. Eg vonar neste opplag kjem på vanlege bibelark, for dette er ei boksamling som fortener betre enn desse kjipe arka ho har fått no.

Apokryfane på nynorsk bør inn i alle teologiske bokhyller. Det er ei viktig utgjeving for kyrkja og for det nynorske språket som no endeleg kan by på desse klassiske tekstane. Omsetjinga er god, levande og lett å lese, slik gode og viktige tekstar skal vere.  Bibelselskapet fortener mykje ros for denne utgjevinga.