Bokomtale: Lysninger

Sindre Skeie: Lysninger, Vårt Land Forlag, 2021

Min første tanke då eg hadde lese boka var: Dette er ei bok eg vil skal prege meg. Eg vil lese den igjen, for her er teologi som eg vil skal vekse og trivast i mi presteteneste.

Teologi som møter klimakrise

Forfattaren legg for dagen teologi som møter klimakrise og kvardagar i både makro og mikro perspektiv. Store grunnleggjande problemstillingar om samfunnet me er ein del av får komme fram i lyset på ein uventa enkel måte. Kapittel med overskrift ´Rådhuset´, ´Fabrikken´, ´Veiene´, ´Kirken´ løfter dei fram ein etter ein. Stoffet er solid fundert når ein les litteraturlista, og ber preg av å være grundig gjennomarbeida over tid. Språket er på ingen måte pretensiøst, noko som styrker forfattaren sine resonnement ytterlegare.

Det kan ta litt tid å venne seg til forma forfattaren bruker for å kommunisere. Lyrikk, politiske analyser, teologi og skildring leikar med kvarandre, litt som framande barn som vert kjende med kvarandre på ein leikeplass og leikar fint og godt saman heilt til nokon må dra og leiken er naturleg over.

Forfattaren snakkar til meg. Inviterer meg til å reflektere. Er eit tidsvitne. Ja, eg tenkte fleire gonger, ein profet. Sjølv veit eg ikkje sikkert kva eg tykkjer er best ved ‘Lysninger’; form eller innhald, men dette er sikkert: Dei løfter kvarandre. Ikkje minst kapitlet om sannhet som konkluderer boka.

Kva handlar boka om?

Den handlar om bestefaren (eg personen) og barnebarnet som møter verda og kvardagane saman – på Ås, sør for Oslo. Dei er ein del i lag, har mange kvardagar saman virkar det som. Eg tenker meg barnebarnet er i 12 års alderen. Begge er opptekne av korleis det går med kloden vår og kva dei kan gjere for å redde verda. Dei to reflekterer ulikt, og særleg bestefaren vert inspirert av barnebaret sin måte å møte den nokså mørke framtida på. Derav tittelen: Lysninger.

Forfattaren viser eit betydelig mot ved å ikkje pynte på samfunnsanalyser om kor henn det ber med kloden vår. Ingen som les ´Lysninger´ bør være i tvil om kva politikk som byggjer bærekraftig framtid, og kva politikk som ikkje gjer det. Ein kan også kjenne sorga forfattaren ber på over klimaendringane og konsekvensene av dei.

Ei bok som kan brukast

Denne boka har eg ønska meg lenge, det er vanskeleg å stille seg på avstand, være kritisk, for – eg inviterte snart innhaldet i boka inn til meg, og det var eit godt besøk. Her er ord, og ikkje minst tenkemåtar, som på ein stillfarande og tydelig måte ønsker å komme i kontakt med meg. Som alle gode bøker, har også denne fleire lag. Dette er ei bok som kan brukast, ikkje berre lesast og leggjast til side. Bibelhenvisningane fasinerte meg særleg – dei er litt uvande, ikkje dei som ofte vert valde når Bibelen vert sitert. Her gjer forfattaren det same som med dei store grunnleggjande problemstillingane; han let også dei komme fram i lyset på ein uventa enkel måte for å underbygge poenget sitt.