Hovudforedraget på Generalforsamlinga
Prestetenesta i eit sekularisert samfunn
Presterolla har og teologien har ei anna rolle i dag enn tidlegare. Vi opplever vi at samfunnet vårt og ikkje minst det offentlege Noreg vert meir sekularisert. Ikkje alt dette som er negativt. Vi helsar engasjement og interesse velkomen. Det er likevel viktig at refleksjonane omkring dette finn stad i ein større kontekst.
Hovudforedraget på Generalforsamlinga er difor: Prestetenesta i eit sekularisert samfunn.
Vi har difor denne gongen utfordra ei stemme frå eit anna miljø og ein annan samanheng til å sjå på prestetenesta i eit samfunnsperspektiv. Hovudforedraget denne gongen vert halden av jurnalist og skribent Andreas Hompland.
Hompland er magister i sosiologi frå Universitetet i Oslo, der han også dreiv mykje med studentpolitikk. Han har vore innom sosiologisk forskning, men er meir kjend frå journalistikk og anna skriftproduksjon. Han har på 1970- og 1980-tallet jobba som kulturredaktør i Dagbladet og er i dag frilansjournalist for same avis. Han har også vore redaktør for tidsskriftet Plan, og fagleg rådgjever ved Senter for bygdeforsking.
Vi har forventningar om at dette foredraget vil setje prestetenesta inn i eit samfunnsperspektiv og teikne lengre liner både frå dei siste tiåra og i møte med dei åra som kjem. Vi trur det vil vere til inspirasjon og refleksjon. I arbeidet med å utvikle prestetenesta treng vi perspektiv med breidde. Vi må fokusere på at prestetenesta er viktig for evangeliet si skuld, kyrkja si skuld, samfunnet si skuld og for prestane si skuld


