Lederkommentar
Presteforeningen på klimamøtet
Adventstid er ei tid for forventningar. Kva forventningar er det som pregar adventstida i år? Er det nye salgsrekorder på kjøpesentra? Er det forventningane om at jorda skal bli ein fredelegare stad når Barack Obama har fått fredsprisen?
Nett no arrangerer verdsamfunnet eit viktig klimamøte i København. Mange har store forventningar til dette møtet. Frå kyrkja reiser ein stor delegasjon for å markere at klimaspørsmålet er den største verdimessige utfordringa for menneska i vår tid. Presteforeningen reiser dit med forventningar om at dei som har fått makt og mynde i verda vår tek dei avgjerder som er naudsynlege for at jorda kan ha ei god framtid.
Presteforeininga meiner det er viktig at vi som kyrkje engasjerer oss i dette. Stundom blir vi møtt med at vi ikkje skal gå inn i konkrete klimautfordringar, eller prosjekt som trugar miljøet vårt. Vi blir oppfordra til å trekkje oss attende til kyrkjerommet og berre fokusere på dei åndelege ting.
Vårt kall som kyrkje er å vere ljos og salt i denne verda. Vi ser at utviklinga i verda vår får konsekvensar for einskildmenneske og for framtidige generasjonar. Difor er vi kalla til å seie frå. Vi er kalla til å konfrontere dei med styringsansvar i verda vår.
I adventstida møter desse utfordringane og forventingane gjennom orda frå Maria sin lovsong.
”Frå ætt til ætt varer hans miskunn for dei som ottast han.
Han gjorde storverk med sin sterke arm;
Han spreidde dei som bar hovmodstankar i hjartet.
Han støytte stormenn ned frå trona.
Og lyfte opp dei låge.
Han metta dei svoltne med gode gåver,
Men sende dei rike tomhendte frå seg.” ( Luk. 1. 50-53)


