Prest.no
Hjem > Artikkel

Prestar skal vere ærlege, også om si eiga helse

2010-03-25

Gunnar Mindestrømmen litt alvorlig casualDei siste dagane har det vore stor merksemd om prestane si manglande bruk av eigemelding i samband sjukdom. I einskilde har meint at ei fagforeining ikkje skal oppfordre arbeidstakarar til å vere meir borte frå arbeidet.

Vi er glade for at prestar har lågt sjukefråvær og at dei er lojale og yt ein ekstra innsats. Det fortel både om stor trivsel på arbeidsplassen og særs motiverte prestar med stor ansvarskjensle for oppgåvene dei er sett til.
Det som er mitt hovudpoeng er at prestar skal vere ærlege også om si eiga helse.
 

Fedrelandsvenen fortel 24 mars om sokneprest Sven Giljebrekke som svima av på prestekontoret fordi han hadde pressa seg for langt. Eg kjenner dette igjen både frå mine tjue år som prest og frå mange kollegaer. Vi prestar treng bli meir medvitne om å ta signala frå vår eiga helse på alvor.
 

Tala bak statistikken våre viser at prestar er lite sjuke, men når dei først blir sjukemelde blir det ofte langvarige. Å vere ærleg med si eiga helse og ta signala på alvor i tide vil etter mi meining redusere sjukefråveret totalt sett. Auka bruk av kortare sjukefråvær med eigenmelding , godt datagrunnlag og framleis sterkt fokus på arbeidsvilkåra er viktige verkemiddel i dette arbeid.
Målet må vere at prestar held seg friske og kan utføre dei viktige oppgåvene dei er sett til.

Les saken i Fedrelandsvennen her.

Web levert av CustomPublish AS