Av Gunnar Mindestrømmen
Om ledelse i kirken
I siste nummer av Luthersk Kirketidende (nr 9/ 2010) skriver Presteforeningens leder Gunnar Mindestrømmen om spørsmålet: Hvem skal lede prestene?
Her beskriver han resonnementet bak Presteforeningens standpunkt om at biskopen bør være den som også i fremtiden leder prestene. Artikkelen står i sin helhet her:
Kven kan leie prestane?
Artikkel til Luthersk Kirketidende av Gunnar Mindestrømmen Leiar i Presteforeininga.
Kven kan leie prestane?
Det kunne kanskje vere på sin plass å omformulere spørsmålet til: Kan prestar leiast? Einskilde vil med sine erfaringar seie nei, og andre -også prestar- vil hevde at prestar verken kan eller vil leiast. Eg trur likevel tida for den ” einsame ryttaren” av ein prest er forbi. Prestar vil bli leia og ynskjer å bli leia i positiv forstand. Dei yngre generasjonar prestar er kanskje dei som gjev klarast uttrykk for dette.
Dette spørsmålet siktar midt inn i det pågåande arbeidet med å utgreie korleis kyrkja vår skal organiserast i framtida. Kyrkjerådet sin direktør oppnemnde i januar 2010 ei ekspertgruppe som etter kvart vil kome med framlegg om ei ny organisering av den Norske Kyrkja. I dette arbeidet er spørsmålet om organisering av prestetenesta sentral. Presteforeininga har også sett i gang arbeidet med desse spørsmåla.
Det er nokre viktige premiss som eg meiner må leggjast til grunn for å svare på spørsmålet om kven som skal leie prestane, her forstått som prestetenesta.
For det første må ein ta utgangspunkt i kva prestetenesta er. Det er ei ordinert teneste med ord og sakrament som har som oppgåve å nå menneske med Guds nådemidlar. Prestar er ordinerte til ei teneste både i og overfor den lokale kyrkjelyden. Presten er også sendt til den lokale kyrkjelyden frå kyrkja vår. Presten er til stades i sin kyrkjelyd og lever livet sitt saman med sin kyrkjelyd. Måten dette har vorte løyst på i vår norske kontekst er i samvirke mellom det kyrkjelege embetet (ikkje statsembetet) og råda. Det går ei tydeleg line mellom kyrkjekommisjonen i 1911 og utgreiinga ”Mellom embete og råd” frå 1985.
For det andre er det etter mi meining viktig å ha ein samanheng mellom tilsyn og arbeidsgjevaransvar. Den biskopen som skal utøve tilsyn må ha kombinasjonen av tilsynsfunksjonar og arbeidsgjevarfunksjonar for å utøve leiarskap overfor prestar på ein god og verknadsfull måte. Erfaringane frå Sverige der arbeidsgjevaransvar og tilsynsfunksjon er delt understrekar kor viktig det er at desse funksjonane vert halde saman. Vi må ikkje i ei framtidig organisering av kyrkja stelle oss slik at kyrkja vår blir oppsplitta i mange små sjølvstendige einingar der samanhengen manglar. Gjennom lina til biskopen vil prestar stå i eit forpliktande fellesskap og solidaritet med heile kyrkja. Når biskopen ordinerer nokon til presteteneste så er det på vegne av heile kyrkja og med både ein rettleiande og omsorgsgjevande dimensjon overfor presten.
Tilsynsomgrepet vert nytta i mange samanhengar på ein uklar måte. Det er skilnad på biskopens tilsyn og den verksemda mattilsynet eller luftfartstilsynet held på med. Biskopens tilsynsomgrep er mykje eldre og omfattar eit tydeleg lære og omsorgsinnhald.
Eit anna spørsmål er om ein tek utgangspunkt i pastoral leiing eller i administrativ leiing eller i arbeidsgjevar sin styringsrett? Svara ein får vil kanskje vere avhenging av kvar ein startar.
I ordskiftet om kyrkjeordning rører spørsmåla seg innanfor eit triangel av ulike historiske utviklingstrekk. Hjørna i triangelet er : klerikalisering, demokratisering og byråkratisering.
Historisk sett har vi i Noreg hatt ei klerikal kyrkje der prestane styrte det meste. Då kyrkjekommisjonen i 1911 argumenterte for å opprette sokneråda vart den demokratiske dimensjonen innførd og etter opprettinga av fellesråda i 1996 har vi hatt ei aukande byråkratisering av kyrkja vår.
I ordskiftet har det særleg frå Kirkens Arbeidsgivar og interesseorganisasjon (KA) vore hevda at måten kyrkja er organisert på i dag er i seg sjølv konfliktskapande og at det difor er naudsynleg med ei arbeidsgjevarline. KA viser her til nokre få arbeidsrettssaker der domstolar har hevda at sjølve organiseringa av kyrkja er problemet. Eg meiner det blir alt for enkelt å ta utgangspunkt i nokre få spesielle einskildsaker og ut frå det trekke slutningar som gjeld heile kyrkja. I fleire forskingsrapportar som stiftinga Kirkeforsking (KIFO) publiserte i 2009 vart det teikna eit bilete av arbeidsmiljøet i kyrkja som jamt over er ganske godt. Samarbeidet fungerer godt og ein finn fram til gode lokale løysingar for å organisere arbeidet i den lokale kyrkjelyden. Sjølvsagt oppstår det konfliktar og spenningar der menneske skal arbeide saman. Særleg med stort arbeidspress og for små ressursar. Men å knyte dette direkte til strukturelle spørsmål vert ei forenkling. Like ofte er det ulike personlegdomar som ikkje finn ut av det med kvarandre og ei vegring for å ta tak i problema på eit tidleg stadium.
Men spørsmålet er reist: Kven kan leie prestane? Bak spørsmålet ligg også ulike meiningsutvekslingar i samband med freistnadane på å omorganisere kyrkja i Oslo (Osloprosjektet) og presteforeininga og prestane sine reaksjonar på dei modellane som vart presentert i samband med dette.
Eg trur at det offentlege ordskiftet ofte er prega av at ein forstår leiaromgrepet ulikt. Kva meiner ein med omgrepet leiing? I ein kort artikkel som dette er det ikkje rom for å gå langt inn i avklaring av leiaromgrepet.
Harald Askeland skriv i ein artikkel om nokre grunnleggjande trekk ved leiarskapet i kyrkja som ein organisasjon: (Kirkens arbeidsgiverorganisasjon, 2003):58
”Ledelse utøves i grupper eller organisasjoner, tillagt enkeltindivider i bestemte posisjoner og roller eller i prosess der flere deltagere inngår.
• Lederstillinger gir formell autoritet, myndighet og ansvar i denne gruppen eller organisasjonen
• Ledelse handler om å etablere og bygge relasjoner
• Kritiske medier for utøvelse av ledelse er gjennom kommunikasjon mer generelt og språkhandlinger spesifikt.”
Bak denne definisjonen ligg fire nøkkelord for definisjon av leiing som den franske industrimannen Henri Fayol introduserte i 1916 og som seinare har dominert forståinga av kva ein leiar er: Leiaren planlegg, organiserer, koordinerer og kontrollerer . (Martinsen & (Red), 2004):206. Men Mintzberg viser at dagens tilnærming til leiarskap er mykje meir komplekst. Han definerer ein leiar som: ”Ein person med ansvar for en organisasjon eller underenhet” (Martinsen & (Red), 2004):213
Den danske filosofen Kirkeby (Kirkeby, Ledelsesfilosofi, 2003): 30, skildrar på ein konstruktiv måte skilnaden på management og leiing. Kirkeby understrekar at det er stor skilnad på management som ein asymmetrisk relasjon med særleg fokus på å styre og føre. Heimelen for dette er i lover og forskrifter og stemmer godt overeins med formuleringa i kyrkjelova. Leiing er etter Kirkeby si meining noko mykje meir symmetrisk.
Eit anna omgrep som er alt for lite utgreia i norsk samanheng er omgrepet pastoralt leiarskap. I økumeniske dokument vert omgrepet nytta for å skildre presterolla. Men kva det faktisk tyder i vår norske kontekst er det arbeidd for lite med. Dette vil også vere svært viktig for ordskiftet om organiseringa av kyrkja.
Når ein skal svare på spørsmålet om kven som skal leie prestane er det fort gjort å oppfatte spørsmålet som ein profesjonskamp eller maktkamp i kyrkja vår. Det finn eg lite konstruktivt. Utgangspunktet må vere at vi startar med den lokale kyrkjelyden og den lokale presten. Den lokale presten står i første linje i møte med menneske og med nådemiddelforvaltinga som oppgåve. Når vi skal tenkje organisering og leiing av prestetenesta så må det viktigaste spørsmålet vere: Korleis kan vi organisere kyrkja vår slik at presten får bruke mest mogeleg av sin kompetanse og sine ressursar til å utføre sitt oppdrag? Ut frå det må vi organisere kyrkja slik at ressursane som vi har til rådvelde ikkje blir brukt til verken eit aukande byråkrati eller eit kostbart demokrati som svekkar evna til å nå menneske med evangeliet.
I debatten vidare er det umåteleg viktig at tilhøvet mellom presten og den lokale kyrkjelyden vert teke vare på. Eg har med uro sett utviklingstrekk i kjølvatnet av prostereforma i 2004 som svekkar tilhøvet mellom presten og den lokale kyrkjelyden. Omforminga av prosterolla til ei tydlegare leiarrolle er også ein del av dette. Det er soknet som er grunneininga i kyrkja vår. Det er gjennom dei personlege relasjonane at folkekyrkja framleis står sterkt i samfunnet vårt. Vert desse relasjonane svekka så vil heile fundamentet for folkekyrkja forvitre. Det er i soknet det viktige arbeidet skjer.
Det er ei kyrkje vi er. Vi har vårt oppdrag og mål for arbeidet. Det må vere utgangspunktet for alt det andre vi organiserer i høve til.


