Hjem > Artikkel
kommentar
Meir pengar til presteteneste
2009-11-19
På kyrkjemøtet møtte vi den nye kyrkjeministeren, Rigmor Aaserud. Ho fortalde i talen sin at fredag den 13 november løyvde regjeringa fire millionar kroner ekstra til prestetenesta i 2009
Vi er glad for desse fire millionane. Fordelt på alle bispedøma vert det lite på kvar. Desse midlane vil ikkje setje bispedøma i stand til å løyse utfordringane som den vanskelege budsjettsituasjonen dei aller fleste er i.
Vi har gått gjennom økonomien for kvart av bispedøme og ser at ressursane for 2009 har som konsekvens at ein må redusere prestetenesta med 28stillingar om budsjettet skal gå i balanse. Denne ekstraløyvinga vel difor ikkje løyse desse utfordringane.
Ved slutten av kvart år går regjeringa gjennom budsjetta og ser om det er trong for å justere budsjettet. Denne gongen har bodskapen frå oss om den vanskelege stoda for prestetenesta nådd fram til denne gjennomgangen av økonomien i regjeringa. Midlane vert fordelt etter same fordelingsnøkkel som elles vert brukt til å fordele ressursar mellom bispedøma.
Men det er likevel eit viktig signal. Det er særs uvanleg at prestetenesta vert prioritert på denne måten i budsjettarbeidet i regjeringa. Vi må difor forstå dette som eit tydeleg signal om at den tydelege meldinga vi og andre aktørar i kyrkja har formidla denne hausten har nådd fram. Dette gjev oss difor også von om at regjeringa på ein annan måte ser at dei må løyve tilstrekkelege midlar til at prestetenesta kan haldast oppe på same nivå som no.
I vårt møte med politikarane på stortinget har vi også fått tydelege tilbakemeldingar på at meldingane våre om prestetenesta er høyrt og at dei no arbeider med å styrkje budsjettet for 2010. Vi veit enno ikkje kva resultatet vil bli men vi arbeider med friskt mot vidare for å styrkje økonomien for presteskapet i 2010.
Copyright © Presteforeningen


