Hjem > Artikkel
Lederkommentar
Lønsoppgjeret – ein kommentar
2010-07-23
Resultatet frå justeringsforhandlingane i lønsoppgjeret er no klart, og det totale bilete av lønsoppgjeret byrjar no å avteikne seg. Det som står att er ein runde med lokale forhandlingar med ei ramme på 0,9% som skal vere gjennomførte innan 31 oktober.
Vår hovudsamanslutning UNIO valde denne våren å fokusere særleg på likeløn. Det er ingen tvil om at kvinner i offentleg sektor tener monaleg dårlegare enn menn i privat sektor. Likelønskommisjonen sin rapport som vart lagt fram hausten 2009 dokumenterte dette. Dette var difor mykje av bakgrunnen for den profilen som lønsoppgjeret fekk dette året og fokuset i oppgjeret vart ulikskapar mellom kvinnedominerte og mannsdominerte yrkesgrupper.
Dei utfordringane som vi møter er på ein måte samanfallande med dette. Prestar tener dårlegare enn tilsvarande arbeidstakarar i privat sektor. Samstundes er ikkje presteyrket eit kvinneyrke enno. Kvinner utgjer om lag 25% av prestane med ei overvekt innanfor kapellanstillingar , og dette korresponderte dårleg med det fokuset oppgjeret i år fekk og dei føringane som vart lagde for justeringsoppgjeret.
Den verkeleg store utfordringa vår er at sokneprestar har særs liten lønsutvikling gjennom yrkeslivet. Denne problemstillinga er også erkjent av kyrkjedepartementet. Men i dette oppgjeret nådde vi ikkje fram. Presteforeininga utgjer 0,65% av medlemsmassen i UNIO som er vår hovudorganisasjon, og det seier seg sjølv at i denne samanhengen er det vanskeleg å få gjennomslag.
Vi klarte likevel å få til nokre grep som vi vonar skal gje resultat etter kvart. Kapellanane er no flytta over i lønsramme og vil over tid ha ei lønsutvikling uavhenging av det einskilde oppgjeret. Dette vil måtte påverke lønsutviklinga for sokneprestane. Domprostane fekk også eit lønstillegg ved dette oppgjeret noko som var med å skape handlingsrom for å gje prostane betre løn og skape rom for ei meir differensiert lønsplassering av sokneprestar.
Dei endringane som vi fekk til i år trur eg legg godt til rette for å kunne gjere nokre gode grep med sokneprestane i neste oppgjer. Alle prestar fekk eit generelt tillegg på 9700 kroner. Det er noko. Men det er difor viktig å sjå fleire lønsoppgjer i samanheng og glede seg over dei som fekk god utteljing dette året.
Gunnar Mindestrømmen
Copyright © Presteforeningen




