Hjem > Artikkel
Kva skal Presteforeininga prioritere dei neste åra?
2010-01-12
Vil du vere med å bestemme kva Presteforeininga skal prioritere dei neste åra.
I desse dagar er strategiplanen ute til høyring i organisasjonen vår. Ta kontakt med din tillitsvalde og be om å få kome med innspel. Presteforeininga er ei foreining som blir til gjennom medlemmene sitt engasjement. Vi som arbeider sentralt har som hovudoppgåve å vere talskvinner og talsmenn for alle medlemmene våre.
Generalforsamlinga vår vedtok eit verdidokument. På bakgrunn av dette har representantskapet laga eit framlegg til strategiplan som no er ute til høyring. Det er no alle medlemmene kan påverke gjennom sine tillitsvalde. Bruk dette høve og lat di stemme bli tydeleg og klar på kva foreininga skal prioritere dei neste åra.
Copyright © Presteforeningen


