Prest.no
Hjem > Artikkel

KUF-komiteen gjestet tillitsvalgte hos PF

2010-03-11

repskap og kufOnsdag 10 mars tok mange av fraksjonleiarane i KUF-komiteen seg tid til å møte tillitsvalde for prestane.

I løpet av to timar fekk komitemedlemmene høyre forteljingar frå ulike delar av landet om korleis prestetenesta artar seg, både på godt og vondt. Dei fekk høve til å stille spørsmål med utfordringane for prestetenesta og fekk eit godt innblikk i kor ulik prestekvardagen er.

Fraksjonsleiarane i KUF komiteen hadde møte med stiftstyreleiarar og prostar. Det er desse tillitsvalde som representerer den delen av prestetenesta som høyrer inn under KUF komiteen sitt ansvarsområde.

Særleg vart det løfta fram utfordringane frå distrikta med fråflytting og nedgang i folketal og dessutan dei store utfordringane knytta til folketilveksten i nærleiken av dei større byane.
Vi drøfta også kor viktig prestetenesta er for at vi også i framtida skal ha ei landsdekkande folkekyrkje.
 
Dei som møtte var: Dagrun Eriksen ( KrF), Elisabeth Aspaker ( H), Bente Thorsen ( FrP), Aksel Hagen ( SV) og Sven Gjelseth ( A).
 
 
Web levert av CustomPublish AS