Kommentar til statsbudsjettet 2010
Stiftsdirektørane melde i førre veke at 25 prestestillingar skal inndragast for å berge budsjettet for 2010. Kva er konsekvensane av dette? Kva betyr det for den einskilde prest og prost som er i teneste?
I statsbudsjettet vert det hevda at dei reformene som er gjennomført har betra prestane sin arbeidssituasjon er dette ikkje tilfelle. I staden ser vi at ulike reformer saman med manglande økonomi har svekka tilhøvet mellom prestane, soknet og einskildmenneske. Det er nedbygging av arbeidsrettleiing, etterutdanning og anna personalretta tiltak. Manglande tilgang på vikar reduserer høve til avlasting i samband med store påkjenningar. Nokre bispedøme varslar redusert bruk av vikar ved sjukdom. Det er alvorleg.
Bispedøma har med dagens budsjettsituasjon ikkje økonomi eller handlingsrom til verken å drive ein aktiv rekrutteringspolitikk eller å halde på dei prestane som er i teneste.
Prestar er lojale og motiverte medarbeidarar som strekkjer seg svært langt for å møte dei ønske om teneste som menneske ber om. Dette vil no truleg endre seg. Prestane kan ikkje og vil ikkje lenger ta på seg ansvaret for manglande løyvingar til prestetenesta.
Ei fast geistleg teneste i alle sokn er avgjerande for at vi framleis skal ha ei levande folkekyrkje slik eit samla Storting har gjeve uttrykk for. Vi meiner å kunne dokumentere at budsjettframlegget for 2010 i realiteten fører til ei nedbygging av folkekyrkja. Prestetenesta vil bli svekka gjennom dette budsjettet. Konsekvensen er at einskildmenneske i sårbare livssituasjonar vert råka.


