Prest.no
Hjem > Artikkel

Lederkommentar

Julas mange ansikt

2009-12-21

Gunnar Mindestrømmen glad 2Vi som er prestar merkar at jula kjem nærare for kvar dag som går. Velfylte kyrkjer, barnehagar og skular som kjem på juleavslutningar og vakre julekonsertar i ei mørk adventstid og juletid. Det er kjekt og inspirerande å oppleve alt dette.

Det er også ei krevjande tid for alle prestar. Alle som kjem til kyrkja har forventingar både om at alt skal vere som før og samstundes skal det vere fornyande og til ettertanke. I dette blir prestetenesta synleg som ei samlande teneste i samfunnet vårt.

Gjennom julehøgtida kan vi merke kor sterkt kyrkja står i samfunnet vårt og kor djupt forankra trua på Jesus ligg i einskildmenneske. Julehøgtida er kanskje den einaste felles åndelege høgtida som storparten verkeleg feirar og tek inn over seg. Gjennom denne høgtida fortener alle som kjem til kyrkje å møte prestar som kan sitt fag, som er inspirerte og vel førebudde på det dei skal gjere.
Jula er også ei tid for dei sterke kjenslene. Det som er godt i livet vert forsterka gjennom juledagane, det som er vanskeleg i livet vert også forsterka. Jula er tid for familie, fellesskap og samvær med gode vener. Jula er også ei tid for sorg, for einsemd og for kjensla av å ikkje høyre til eller leve med brotne relasjonar rundt seg. I mange samanhengar gjer prestar teneste for einskildmenneske som møter både gledene og utfordringane livet gjev. Gjennom denne julehøgtida finn vi prestar på sjukeheimar, ved sjukesenga, på plattformene i Nordsjøen, på vitjing i fengselscellene, hos soldatane i utanlandsteneste og alle dei som er langt borte heimanfrå når klokkene ringjer inn til høgtid.
Desse dagane treng vi stoppe opp midt i alt dette og flytte fokuset mot det som jula kom til oss menneske med. Bodskapen om at den Gud som står bak alt saman. Den Gud som har gjeve oss livet. Den Gud som er herre over himmel og jord og liv og død. Den Gud kom som eit sårbart lite fattig barn til oss menneske for å vise oss sin kjærleik.
Jula sitt innhald og sitt sentrum finst ikkje verken hos makt og mynde, eller gjennom rikdom og stas. Jula møter oss med bodskapen om fred på jorda og mellom alle menneske som Gud elskar. Å stå i presteteneste er svært meiningsfullt.
Presteforeininga vil ha fokus på at vår oppgåve er å gjere alt vi kan for at denne tenesta skal fungere så godt som råd er for evangeliet si skuld, for samfunnet si skuld, for kyrkja si skuld, for einskildmenneske si skuld og for prestane. Vi vil ønskje alle våre medlemmer ei velsigna julehøgtid og eit godt nytt år.
Gunnar Mindestrømmen
Leiar.

 

Web levert av CustomPublish AS