Hjem > Artikkel
Folkekyrkja og prestetenesta
2010-05-06
Mai er festmånaden for mange kyrkjelydar og prestar. Mange stader er det samtalegudstenester, konfirmasjonar og storslagne gudstenester. Ved sida av desember månad er det no den breie og djupt forankra folkekyrkja kjem tydeleg fram i lokalsamfunnet.
Dette har likevel eit urovekkande bakteppe. Aktiviteten går ned. Talet på gudstenester vert redusert og den tida kvar prest har høve til å bruke på sine arbeidsoppgåver vert redusert. Dette fører igjen til slitasje på prestane.
Statistikken for 2009 å avteikne seg. Talet på faste prestestillingar går ned og talet på medlemmer pr prest aukar. Ut frå våre utrekningar har talet på medlemmer pr prest auka frå om lag 2800 i 2007 til om lag 3000 pr prest i 2009. Til samanlikning er talet på medlemmer pr prest i Danmark om lag 2200 pr prest.
Dette vitnar om at arbeidspresset på kvar einskild prest aukar. Det er skilnader mellom ulike bispedøme men tala syner at presset på prestetenesta aukar meir i folkerike områder som Borg, Oslo og Stavanger.
Kyrkjedepartementet er opptekne av at ein skal redusere talet på prestestillingar for ein innanfor rammene kan finne rom for gode personaltiltak som seniorpolitikk og tilpassa teneste. Mange bispedøme tek dette på alvor og har gjennomført eller er i ferd med å gjennomføre reduksjonar i talet på prestestillingar.
Men kan færre prestestillingar føre til betre personalpolitikk? Eg meiner at dette ikkje går saman. Færre prestestillingar fører til auka arbeidspress, meir slitasje og større fare for at prestane tek ut pensjon tidlegare eller finn seg anna arbeid.
Ei slik utvikling høver dårleg med dei politiske målsetjingane som den sitjande regjeringa har gjeve uttrykk for når dei seier at: ”Vi vil leggje til rette for at Den norske kyrkja framleis kan vere ei open og inkluderande folkekyrkje med plass for ulike religiøse behov og ulike teologiske retningar, og med brei forankring blant medlemene og …auke talet på preste- og diakonsstillingar”( Soria Moria II)
Utan ei god presteteneste forvitrar også den flotte folkekyrkja som desse dagane står fram som eit samlingspunkt for lokalsamfunn og familiar.
Copyright © Presteforeningen


