Kommentar til Revidert Budsjett for 2010
Ei svekka folkekyrkje
Med framlegget av revidert budsjett for 2010 viser regjeringa at den ikkje tek dei mange meldingane frå presteskapet på alvor.
Den folkekyrkja alle vil skal vere levedyktig og open og vidfemnande i heile landet, står og fell på om kyrkja kan vere til stades i glede og sorg for det einskilde menneske. Frå bispedøme etter bispedøme får vi meldingar om at dei er i gang med å gjennomføre nedskjeringar. Det vert i år gjennomført mange reduksjonar i talet på prestestillingar.
Å auke arbeidspresset på eit allereie hardt pressa presteskap og samstundes redusere tilbodet til den einskilde kyrkjemedlem vil fort føre til at folkekyrkja vert meir svekka og kvaliteten på tenestene dårlegare. Dette vil sterkt redusere både vilje og engasjement for dei som i neste omgang skal ta på seg viktige og nødvendige verv i ei godt demokratisk forankra kyrkje. Også vi prestar er opptekne av at dei kyrkjelege råda får ei god demokratisk forankring. Her ligg ei grunnleggjande føresetnad for vidareutvikling av kyrkja vår. Men når ein berre finn rom for å auke løyvingane til kyrkjevalet og ikkje til ei heilt naudsynlege prestestillingar så heng ikkje politikken saman.
Det er underleg at ei regjering som så klart gjev uttrykk for at dei vil at folkekyrkja skal vidareførast på denne måten svekkar heile grunnlaget for kyrkja.


