Forsiden < Fag og profesjon < Inter Collegas på nett < Bokomtaler < Å utforma og ta i bruk eit nytt kyrkjespråk

Å utforma og ta i bruk eit nytt kyrkjespråk

Bokmelding av Per Halse sin biografi: «Peter Hognestad. Språkstrid og heilag fred.» Det Norske Samlaget 2016.

Av Stein Ødegård, sokneprest på Bryne

På veg inn i det store reformasjonsjubileumsåret har eg fått vera del av eit mindre – og høgst relevant – jubileum i 2016, 150 år etter Peter Hognestad sin fødsel. Linjene mellom desse to jubilea dreg Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum opp slik:

«Peter Hognestad, Elias Blix og Anders Hovden var dei tre store i arbeidet med å fullføre reformasjonen i Noreg og opne kyrkja for folkemålet. Alle tre har no fått sine biografiar, og dermed veit vi mykje meir enn for berre tjue år sidan om tida då skriftspråket nynorsk blei etablert i Noreg for godt.»

Denne miniguiden inn i omfanget av Peter Hognestad si gjerning samsvarer også med biografien sine opningsord, eit brevsitat av Arne Garborg frå 1904:

«Du gjer her meir Gagn enn alle oss andre (maalfolk)»

Den store guiden inn i Peter Hognestad sitt livsverk vil nå utvilsomt vera førsteamanuensis ph.d. Per Halse sin ferske biografi om han. La det vera sagt først som sist: Dette er eit imponerande godt og grundig arbeid. Interessant og veldokumentert, eit svært verdifullt historisk innblikk i den samfunnsmessige, kulturelle og kyrkjelege betydninga av Peter Hognestad si gjerning. Ikkje minst er boka reflektert om relevansen for samtida, ettertida og om evig aktuelle måtar å vera sunn og sann kyrkje i kulturen.

Per Halse sin biografi opnar med denne oppsummerande «Soga om Peter Hognestad»

Peter Hognestad var bondeson frå Time på Jæren, og dei siste femten åra av livet var han biskop i Bergen. Etter Elias Blix vart han den fremste i arbeidet med å skape eit nytt norsk kyrkjespråk. Vinteren 1900 sette Hognestad om gudstenesteliturgien til norsk landsmål, og året etter heldt han den fyrste høgmessepreika i hovudstaden på det språket. Frå 1903 fekk han ei eiga prestestilling med ansvar for bygdeungdomen og gudstenester på nynorsk.

Gjennom mange år var Peter Hognestad hovudmann i ein stor dugnad for å setje om Det gamle testamentet. Etter å ha fullført heile Bibelen i 1921, var det ikkje aktuelt å kvile på laurbæra: «No er det den norske salmeboka som ligg fyre. Ei stor uppgaava», skreiv Hognestad til venen og kollegaen Bernt Støylen. Saman med diktarpresten Anders Hovden tok dei to biskopane oppgåva på seg, og i 1925 hadde dei Nynorsk Salmebok ferdig. For Peter Hognestad vart dei yrkesaktive åra delte ganske likt mellom Aust- og Vestlandet. Etter eit år som sekretær for Ynglinge-foreininga i Stavanger var han lærarutdannar ved privatseminaret på Notodden frå 1896 til 1903. Deretter følgde fem år som «målprest» og åtte år som lærar i Det gamle testamentet ved Menighetsfakultetet. Frå 1916 var Hognestad biskop i Bjørgvin.

Per Halse si bok er ei fryd å lesa. Ho ber preg av den språksikre pedagogen, teologen og historiekjennaren sitt grep i skildringa av personen Peter Hognestad og dei kyrkjelege og kulturelle brytningane i samtida. Biografien er på 384 sider, bygd opp med eit apettittvekkjane opningskapittel, så 7 biografiske hovudkapittel – med gode deloverskrifter – som følgjer livshistorien. I avslutningskapitlet drøftar og summerer Per Halse opp «Mannen og verket» med desse småkapitla: Livsoppgåve. Takksemd. Bonde. Lærar. Språkreisar. Biskop. Familiemann. Sjelesørgjar. Medmenneske. «Og» heller enn «eller». Strateg eller brikke. Trufast idealist. Arbeidsmaur. Høyet i hus.

Boka er forsynt med 88 sider(!) med notar, år og dagar, forkortingar, litteratur, kjelder og personregister. Denne delen er mildt sagt imponerande, eit funn for dei som vil dukka djupare, sjå linjer og forska vidare innan denne tidsepoken. Særleg verdifullt er alt kjeldematerialet som er henta fram frå arkiv og frå omfattande samlingar av private brev i og rundt Peter Hognestad sin familie og omgangskrets.

Eit par inntrykk og smakebitar

Boka gjev god innsikt i korleis Peter Hognestad sto midt i dei store brytningane i kyrkje- og samfunnsliv i tida frå 1880 til 1930. Det betyr at biografien med sitt blikk gjennom levd liv er ein god guide til desse brytningane, og gjev eit interessant innblikk i måten Hognestad møtte og påverka tida si. Det galdt særleg innsatsen for at kristendommen skulle gjennomsyra kulturen og det norske, og måten han heldt saman motsetningar på: Mellom grundvigianisme og haugianisme, frilynt mot pietistisk, prest mot lekmann, livsglede mot livsfornekting, Austland mot Vestland, by mot bygd, teologisk vitskap mot bibelfundamentalisme.

Peter Hognestad må ha betydd mykje for nynorsk kyrkjespråk. Han utforma og gav form både til liturgi, tekstbok, salmebok og Bibel, samt eigne folkekjære salmegjendiktingar som «Leid, milde ljos», «Fager kveldsol smiler» og «Det hev ei rose sprunge». Motivasjonen for å gjera dette og stå i den striden som kom, var ei tru på at det nære og heimlege ordet, det som ligg nærast hjarta og folket, også er det ordet som best samsvarer med og formidlar evangeliet. Han skriv i brev til Arne Garborg om «tanketemjinga det er å skriva på eit språk som ikkje er heilt ferdig.» Og biografien gjev fleire døme på at Hognestad sitt språklege arbeid fekk så stort gjennomslag fordi innhaldet i evangelieformidlinga var som personen, prega av varme og truverdig integritet.

Også lokalhistorisk har biografien stor kulturverdi. Markeringar og føredrag i jubileumsåret har – som biografien – funne svært god gjenklang lokalt i Time, ikkje minst hos meg som også er bondeson herifrå. Ved 150-årsjubileet for Peter Hognestad vart det halde festgudsteneste i Time kyrkje med Hognestadliturgien frå 1908. Stavanger aftenblad gjorde TV-opptak, som er tilgjengeleg på denne lenka: http://www.aftenbladet.no/kultur/Historisk-jubileumsgudstjeneste-pa-landsmaal-533710b.html

Men først av alt er biografien hermed varmt tilrådd. Her er mykje å henta for alle som ønskjer å planta evangeliet djupt i kultur og menneske. Biografien skildrar ein god manns verk, ein vidsynt brubyggjar og arbeidsmessig kapasitet, som utførte i handling det han meinte og sto for. Og boka skildrar ein lærerik måte å møta kultur og utfordringar på. Den som vil gjera det med Peter Hognestad som modell, må møta si tid med evangeliet si kraft, med folkeleg formidling og med personleg idealisme og integritet.

halse-hognestad